Søk om midlar til EU-prosjekt eller mobilitet innen EU/EØS
Har du eit prosjekt som du vil søkje EU-støtte til eller ønskjer du å finne eit prosjekt der du kan vere samarbeidspartnar?
Kven kan søkje?
Først må du bestemme deg for kva for eit program du ønskjer å søkje på, deretter kan du finne ut om du må søkje gjennom ei bedrift, skole, offentlig etat eller som enkeltperson.
| Søkjar |
Døme på program |
| Enkeltperson |
Aktiv Ungdom |
| Bedrift |
Leonardo da Vinci, EU sitt Kulturprogram, Europeisk teknologiutveksling for bedrifter |
| Kommune / anna offentlig etat |
Leonardo da Vinci, Comenius Regio, Interreg / Nordsjøprogrammet, URBACT |
| Organisasjon / utdanningsinsitusjon |
Leonardo da Vinci, Aktiv Ungdom, Comenius, EU sitt Kulturprogram |
Korleis kan ein bli med i eit EU-prosjekt?
Korleis ein deltek i eit EU-prosjekt, kjem an på kva for eit program ein ønskjer å delta i og om ein sjølv har eit prosjekt som ein ønskjer å søkje midlar til. Klikk her for å lære meir om fordelane ved deltaking i EU-prosjekt.
Ein må stille seg sjølv eit par spørsmål for å identifisere sitt behov:
- Kva ønskjer eg å få ut av prosjektet?
Til dømes:
Få internasjonal erfaring innan mitt fagfelt
Få eit internasjonalt perspektiv på utdanninga mi
Delta i byutviklingsprosjekt
Drive med ungdomsarbeid
Jobbe som volontør
Utveksle informasjon med andre europeiske bedrifter
Samarbeid og regional utvikling
Andre behov? Ta kontakt med oss for ytterlegare rettleiing.
- Ønskjer eg å delta gjennom arbeid/utdanning eller fritid?
Fritid: Aktiv Ungdom
Arbeid/utdanning: alle andre (dersom du arbeidar med ungdom, kan du likevel søkje om midler frå Aktiv Ungdom gjennom ditt arbeid)
- Finnast det nokon aldersgrense for å delta i eit EU-program?
Det er berre Aktiv Ungdom sine prosjekt som har aldersgrenser. Målgruppa er ungdomar mellom 18 og 30 år, men grensa gjeld ikkje for ungdomsarbeidarar.
- Kor lenge varer eit prosjekt?
Leonardo-programmet har utveksling frå 1 til 39 veker.
Aktiv Ungdom prosjekt varar frå 2 til 12 månader.
For deltaking i URBACT, Interreg og liknande EU-program, har prosjekta ofte ei tidsramme på to år, men det varierar fra eit program til eit anna. I tillegg kan søknadsprosessen ta tid.
- Vil eg jobbe aleine eller med samarbeidspartnarar?
Reiser ein til eit anna EU/EØS-land med Aktiv Ungdom og Leonardo da Vinci kan ein både reise aleine og i grupper, men i sjølve prosjektet vil det som oftast være fleire personar som deltar, gjerne frå andre land.
Målet med EU-program er at ein skal utveksle kunnskap og erfaringar over landegrensene i EU/EØS for å auke kompetanse og konkurransedyktigheit i førehald til land utanfor EU/EØS. Dermed vil alle EU-program man deltek i, som bedrift, organisasjon, kommune eller som enkeltperson, være basert på partnarskap, samarbeid og erfaringsutveksling.
- Korleis finn eg samarbeidspartnarar?
Det første du må tenke på er om din organisasjon / bedrift / institusjon har kontakt med eller jobbar saman med organisasjonar / bedrifter / institusjonar i andre EU/EØS land. Det kan vere lurt å starte med nokon ein allereie kjenner eller har erfaring med og spørje ikkje berre om dei er interessert i å vere med sjølv, men også om dei har kontakt med andre som kunne vere interessert i å delta. Vi i Internasjonal seksjon bistår også med å finne partnarar gjennom vårt internasjonale nettverk.
- Har eg tid til å søkje på programmet eg ønskjer å vere med i? Kor mykje tid må eg rekne til søknadsprosessen?
Du må først sjekke søknadsfristen til programmet du er interessert i (sjå nedanfor), og så berekne alt frå eit par veker til månadar på å søkje, det kjem an på kva for eit program du ønskjer å søkje på. Leonardo og Aktiv Ungdom kan ein til dømes klare å produsere ein søknad til på eit par veker, men for URBACT og Interreg treng ein fleire månader.
Ta en kikk på nokre ulike søknads- og rapporteringsskjema for å få eit innblikk i innsatsen som må leggast ned i prosjektet.
Aktiv Ungdom
Leonardo da Vinci
URBACT II
EUs Kulturprogram
- Treng eg kunnskap om EU eller EU-program for å søkje?
Nei! Ein treng ingen forkunnskapar for å søkje, berre tid og lyst.
- Treng eg å kunne engelsk/andre språk?
Det kjem an på programmet. For dei fleste program vil engelsk være greitt å kunne, til dømes er søknadsskrivinga ofte på engelsk, men man kan få hjelp til å skrive søknaden. Angåande Leonardo og Aktiv Ungdom, vil språkkunnskapar avhenge av kvar prosjektet finn sted. Søknaden skrivast på norsk.
Europakontoret kan hjelpe deg å identifisere ditt behov og med søknadsprosess / partnarsøk dersom du framleis ikkje er sikker på kva for eit program som er rett for deg og dine behov.
Kommande fristar det kan være lurt å få med seg:
Leonardo da Vinci: februar 2011
Aktiv Ungdom: kvart år: 1. februar, 1. april, 1. juni, 1. september og 1. november
URBACT II: 2011
EUs Kulturprogram: 1. oktober, 1. mai, 1. februar, 1. november – ulike fristar for dei ulike typer prosjekt, les meir på Norsk Kulturråd sine heimesider.
Sjå vår kontaktside for kven du bør kontakte for å få ytterlegare informasjon og rettleiing.