1) Korleis finne partnarar
Dette er ofte den største utfordringa for mange. Her er måtar ein ofte finn partnarar på:
- Kontaktseminar. Desse arrangerast både av SIU og andre nasjonalkontor og har ulik fokus. SIU reserverar ca 4 plassar kvart år som fyllast opp etter ”først til mølla”-prinsippet. Berre ein lærar per skule kan bli sendt på slike seminar. Her får ein stipend som dekkar reelle reiseutgifter, opphald etter faste satsar og seminarutgifter.
- Partnarsøk. Ein kan bruke ulike databasar for å søkje seg fram til aktuelle partnarar, til dømes på SIU.no, etwinning, European Schoolnet etc.
- Forberedande besøk. SIU dekkar kostnadane for slike besøk med opp til 2 reiser per skule (berekna på same måte som for kontaktseminar)
- Venskapsbyar.
- Personlege relasjonar.
- Andre skular i området med kontaktar
- Etterutdanningskurs og studiebesøk i Europa gjennom til dømes Leonardo da Vinci programmet.
Tips ved partnarsøk: hald dykk til same aldersgrupper / tilsvarande utdanningsnivå hos partnarane.
Utfordring: Det kan vere vanskeleg å vurdere kva som reknast som skule og kva som reknast som barnehage. I nokre land byrjar barna på skulen frå tidleg alder (til dømes fire år).
NB: SIU meldar at 5% av alle søknadene er/skal vere barnehagar.
2) Søknadsprosessen
Gå til siu.no for å finne søknadsskjema.
Mykje av søknadsskrivinga er koordinator si oppgåve, sjølv om alle partnarane må samarbeide om innhaldet.
- Søknaden må fyllast ut på arbeidsspråket og dette må vere eit EU-språk.
- Utdeling av sekkebeløp: 2009/2010:
4 mobiliteter: € 7000
8 mobiliteter: € 12.000
12 mobiliteter: € 16.000
24 mobiliteter: € 22.000
- Kvar partnar søkjer frå sitt nasjonalkontor (kvar til seg) og får tildelt eigne sekkebeløp.
Det er ikkje naudsynt å dokumentere reelle reiseutgiftar, berre aktivitetar og kor mange mobilitetar. Men hugs å behalde alle kvitteringar likevel på grunn av mulegheit for stikkprøver og kontroll.
Utfordring: sekkebeløpa er ikkje regulert etter kor dyrt/billeg eit land er.
- Budsjett: må planleggast partnarane imellom.
80% av sekkebeløpet utbetalast med ein gang
20% (resterande del av beløpet) delast ut når sluttrapporten er levert.
3) Viktige datoar
- Løpande søknadsfrister: kontaktseminar og forberedande besøk.
- Januar 2010: søkjerseminar (truleg i Bergen). Dette er eit 1-dagsseminar for dei som har funnet partnarar og vore på forberedande besøk.
- Februar 2010: søknadsfrist for partnarskapssøknad
4) Andre nyttige opplysingar
Andre prosjektrelaterte aktivitetar:
- Oppstarts- og erfaringsseminar (haust 2010)
- Temaseminar
- Kontroll- og rettleiingsseminar
Tips: det kan vere lurt å ha med meir enn minimumskravet til partnarar (dvs. 3+) om nokon av dei andre partnarane skulle falle frå under søknadsprosessen.
5) Tal fra SIU si søknadsrunde i 2008
Multilaterale prosjektsøknader: 120 søknader
Finansiering til 85stk.
Bilaterale prosjektsøknader: 20 søknader
Finansiering av 7stk.