Comenius

 

Comenius-programmet er retta mot barnehagar, skuler og høgskuleverket og er eitt av fire sektorprogram innanfor EU sitt program for livslang læring (LLP).

 

Dei overordna måla i Comenius er å

  • utvikle elevar og lærarar sin kjennskap til og forståing for kultur og språkleg mangfald i Europa.
  • legge til rette for tilegning av grunnleggjande ferdigheiter som er nødvendig for personleg utvikling, arbeidsliv og medborgarskap.

Comeniusprogrammet er vidare inndelt i underprogram. Europakontoret kan spesielt gi rettleiing til to av desse; Comenius Partnarskap og Comenius Regio.

 

Comenius Partnarskap:

 

Comenius Partnarskapsprosjekter kan vere

  • multilaterale (minst tre partnarar der 2 kan vere frå same land) til dømes elevutveksling
  • bilaterale (MÅ vere elevutveksling av MINST 12 personar, der minst 20 timar har fokus på partnarlandet sitt språk)

- Prosjekta må vare i 2 år.

 

- Kvart partnarskap må bestå av éin koordinator og minst éin partnar (i multilaterale er resten partnarar) der minst ein av partane må være frå et EU-land.

 

- Kvart partnarskap må ha ein felles søknad, men kvar partner må sende inn (den same) søknaden til sitt eige nasjonalkontor.

 

Søknadsfrist er i februar kvart år.


Les meir om Comenius Partnarskap.

 

Comenius Regio:

 

Overordna mål:

  • Å styrkje samarbeid mellom europeiske regionar
  • Å utvikle og utveksle god praksis
  • Å styrkje den europeiske dimensjonen i opplæringa

Kort om programmet:

  • Berre bilateralt partnerskap
  • Ein koordinatorregion og ein partnarregion, men det skal vere minst tre partar i kvar partnarregion
  • Toårige prosjekt 
  • Ulike typar finansiering:  - sekkesum
                                           - eigenfinansiering

Les meir om Comenius Regio.

 

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart