Interreg - samarbeid om regional utvikling

Interreg er EU sitt program for grenseregionalt, transnasjonalt og interregionalt samarbeid og er tildelt 2,5% (€ 7,6 milliarder) av EU sitt budsjett for regional utvikling. I dei ulike delprogramma 2007-2013 er m.a. innovasjon, energi og miljø, transport og "best practice" viktige innsatsfelt. Europakommisjonen og regionane arbeider no med innhald i dei nye "Interreg" program 2013-2020. Vi veit ikkje korleis desse kjem til å sjå ut men vi publiserer meir informasjon så snart det er muleg.

Vestlandsfylka kan under programperiode 2007 -2013 delta i :

Interreg IVB: Nordsjøprogrammet

Nordsjøprogrammet er retta mot regionane som grenser til Nordsjøen.
Alle norske regioner kan delta.
Nettside for Nordsjøprogrammet

Neste utlysing: 7. søknadsrunde 5.sep - 3.okt (vanlige prosjektsøknad og "cluster"prosjekt). Det er dessverre få prosjektmidlar igjen til norske deltakere. Ta kontakt med Kate Clarke for meir informasjon.  

Interreg IVB:Nordlig Periferi-programmet

Nordlig periferi dekkjer eit stort geografisk område som omfattar EU-landa Sverige, Finland, Irland og Storbritannia, samt Færøyene, Island, Grønland og Noreg. I Noreg kan Finnmark, Troms, Nordland, Nord- og Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland delta. 
Nettside for Nordlig periferi-programmet

Ingen fleire søknadsrundar under noverande programperiode 

Interreg IVB: Østersjøprogrammet

Samarbeidsprogrammet åpner for samarbeid med alle land som grenser til Østersjøen. I tillegg innngår nabolanda Noreg, Hviterussland og dei nord-vestlege regionane i Russland.
Nettside for Østersjøprogrammet

Ingen fleire søknadsrundar under noverande programperiode 


Interreg IVC - interregionalt samarbeid

Programmet for overføring av "good practrice" omfatter regionar i 27 medlemsland pluss Norge og Sveits. Nettside for Interreg IVC-programmet

Ingen fleire søknadsrundar under noverande programperiode

For informasjon om Interreg og regionalpolitkken - ta kontakt!

27.07.2011 12:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart