Spørsmål og svar

 1. Når er søknadsfristen?

  • Internasjonal seksjon: 1. januar 2012
  • SIU: februar 2012

Ta kontakt med Internasjonal seksjon og vi hjelper med søknadsskriving. Vi kan også nås på telefon: 55 23 95 35

2. Kven kan søkje?

Bedrifter, utdanningsinstitusjonar, skolar, organisasjonar, opplæringskontor, fylkeskommunar og kommunar. Einskildpersonar kan ikkje søkje sjølve, men må søkje gjennom ein organisasjon. 

3. Kven kan delta?

  • Elevar/lærlingar innafor yrkesfag i vid. opplæring (IVT)
  • Arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande, arbeidsledige og nyutdanna (PLM) 
  • Instruktørar/lærarar innafor yrkes- og profesjonsfag, yrkesrettleiarar og andre som jobbar med yrkes- og profesjonsutdanning.(VETPRO) 

4. Korleis søkjer ein?

Søknad kan utfyllast med hjelp frå Internasjonal seksjon før januar 2012. Du får då hjelp til å fylle ut ein forenkla søknad og med arbeidet i forbindelse med sjølve prosjektgjennomføringa, som utfylling av nødvendige skjema, skriving av sluttrapport mm.

Søknadsskjema

Søknadsprosessen  

5. Kvifor søkje?

  • Gir ein unik sjanse til å få internasjonal arbeidserfaring
  • Lær nye arbeidsmetodar og få erfaring med verktøy som ikkje eksisterar i Noreg
  • Ver ein innovatør ved å hente spisskompetanse i et anna land for å utvikle faget i Noreg
  • Styrk framtidige arbeidsmulegheiter gjennom utplassering i land med ekspertise innan ditt arbeidsfelt
  • Få eit internasjonalt nettverk
  • Utvid horisonten ved å oppleve eit nytt språk og ein ny kultur

6. Kor kan ein reise?

EU-landa: Belgia, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbritannia, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn og Østerrike.

EFTA-landa: Island, Liechtenstein og Norge og kandidatlandet Tyrkia.

Andre land som kan komme til dei næraste åra er Sveits, Kroatia, Makedonia og landa på Vest-Balkan, som Albania, Bosnia-Hercegovina, Moldova, Montenegro og Serbia. 

Det må vere minst to utvekslingspartnarar i eit prosjekt. Institusjonar som kan søkje er vidaregåande skular, opplæringskontor, bransjeorganisasjonar, bedrifter, kommunar, fylkje og andre organisasjonar som arbeider med fag- og yrkesretta opplæring eller kompetanseutvikling. Om det berre er to må dei norske deltakarane reise til eit EU-land. Sidan målet med prosjektet er å få innsikt i arbeidskultur i utlandet kan det ikkje opprettast kontakt mellom ein norsk institusjon i Noreg og ein norsk institusjon i utlandet.

7. Kor mykje får ein i stipend?

Normtall - gir oversikt over kor mykje stipend ein kan få - det varierer frå land til land. 

8. Når får ein vite om ein har fått stipend?

I mai/juni får Internasjonal seksjon melding frå SIU om søknadene er godkjend eller avslått. Internasjonal seksjon gir beskjed til søkjarane i løpet av juni/juli.

9. Når kan ein reise?

Frå 1. juni søknadsåret og fram til 31. mai eitt år seinare kan utplassering finne stad, vanligvis er det størst aktivitet i september-november og februar-mai. Ta kontakt med Internasjonal seksjon minst ein månad før avreise for utfylling av nødvendige dokument.

10. Kor lenge kan eit opphald vare?

  • Elevar/lærlingar: 2 -39 veker (IVT)
  • Arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande, arbeidslause og nyutdanna: 2 - 26 veker (PLM)
  • Instruktørar/lærarar innanfor yrkes- og profesjonsfag, yrkesrettleiarar og andre som jobbar med yrkes- og profesjonsutdanning: 1 - 6 veker (VETPRO
  • Reisedagar kjem i tillegg.
  •  

11. Korleis får ein utbetalt stipendet? 

Det blir utbetalt eit stipend som skal dekkje reise, kost og losji. Utbetaling skjer til senderorganisasjon med unntak av VETPRO, der pengane blir utbetalt direkte til deltakarane.

12. Bestilling - reise og opphald. Kven bestiller?  

Sendarinstitusjonane bestiller sjølve alle reiser og overnattingar. 

13. Kva med forsikringar?

Alle elevane i vidaregåande skule er forsikra gjennom Hordaland fylkeskommune. For andre grupper må sendarorganisasjonane ordne med forsikring utover reiseforsikring som dekkjer det å jobbe i eit anna europeisk land.

 

Les meir på SIU sine nettsider.

 
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart