Aktiv ungdom-programmet

Aktiv Ungdom er EU sitt ungdomsprogram for ikkje-formell læring (læring utanom skulesystemet). 

Gjennom dette programmet kan du:

  • jobbe frivillig i utlandet (volontørtenesta).
  • delta i gruppeutvekslingar 
    med ungdomsorganisasjonar frå andre land
  • få støtte til internasjonale og nasjonale demokratiprosjekt
  • få støtte til lokale ungdomsprosjekt og opplæring 
  • delta på internasjonale kurs og seminar
  • ta i mot utanlandsk ungdom som ønskjer å arbeide frivillig i din organisasjon i Noreg

...og mykje meir!

Nesten Gratis!
Ein av dei store fordelane med Aktiv Ungdom-programmet er at dei fleste av aktivitetane anten i stor grad eller heilt er finansiert av EU. Dette betyr at deltakarane kan rekne med ein lav eigenandel.

Frå 13 til 30 år.
Målgruppa er ungdom frå 13-30 år, ungdomsorganisasjonar og dei som arbeider med ungdom. Ungdom med særlege sosiale, psykiske, fysiske eller økonomiske utfordringar kan søkje om ekstra stønad og tilrettelegging. 

Meir informasjon 

På nett 

På facebooksiden vår

I reisebrev I bloggen til volontør i Tyskland


Søknadsfristar
Du bør ta kontakt med oss så snart du tenkjer på å søkje om stønad. Aktiv Ungdom har tre søknadsfristar i året (1. februar, 1. mai og 1. oktober), men mykje skal avklarast før fristen.

Er du interessert i å bruke programmet?
Internasjonal seksjon er regional koordinator for programmet og hjelper til med nettverk, råd og rettleiing.
Ta kontakt med Barbara Harterink tlf  55 23 95 33        


 
11.04.2012 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart