Utbytterik delegasjon til Nedre-Normandie

Representantar frå dei fire vidaregåande skolane Voss gymnas og Fusa, Sandsli og Slåtthaug vidaregåande skolar deltok frå 26. til 29. mars på møter med skolar i samarbeidsregionen Nedre-Normandie i Frankrike med tanke på å starta opp felles prosjekt. Det
Fylkeskommunen ønskjer tettare band innan opplæring.
Internasjonalt Arbeidslag og Opplæringsavdelinga i Fylkeskommunen tok initiativet til besøket på bakgrunnen av eit ønskje om tettare band mellom Hordaland og Nedre-Normandie innan nettopp opplæringsfeltet. Det har og tidlegare vore gjort forsøk på å opprette slike band med Frankrike, men denne gongen innsåg ein at for å få konkrete resultat, måtte det lagast rom for at lærarane skulle få møte kvarandre og diskutere fag.

Dei 4 skolane som var invitert med i denne omgangen hadde alle gjort seg erfaringar med skolar i regionen tidlegare. Og frå fransk side var ein opptatt av å gi elevane ei internasjonal erfaring, samtidig som ein ønskte å knytte tettare band til Hordaland.

 
Besøk på Lycée Charles de Gaulle

Faglege møter og gourmetmåltid

Etter framkomst til Normandie, blei besøket innleia hos regionrådet, Conseil Régional de Basse-Nomrandie, med etterfølgjande middag førebudd av elevar ved hotellfagskolen Lycée Rabelais.  

Tilfelle ville det slik at akkurat denne kvelden så førebudde elevane eit gourmetmåltid under leiing av kokkane frå Groupe Barriere, ein av Frankrike sine største kjeder av luksushotell. Det var derfor inga vanleg kantinemiddag vi fikk servert!
I tillegg til at dei sjølvsagd heldt eit høgt nivå fagleg sett, så var noe av det som slo meg, den utrolege faglege stoltheita dei viste. Der trur eg at enkelte av våre elevar hadde hatt noko å lære, var ein av reaksjonane til Olav Røttingen, avdelingsleiar for restaurant og matfag ved Sandsli vidaregåande.


Andre dagen var det på tide med dei faglege møta. Voss gymnas hadde møte med Lycée Marguerite Navarre i Alençon for å diskutere eit mogleg samarbeid innan språk. Sandsli vidaregåande hadde møte med Lycée Rabelais angåande matfag. Slåtthaug vidaregåande, på si side, diskuterte eit muleg prosjekt innan design med Lycée Cornu i Lisieux. Fusa vidaregåande hadde eit møte med Lycée Alain Chartier i Bayeux angåande eit samarbeid innan realfag. Det var og eit felles møte med Lycée Charles de Gaulle i sentrum av Caen.


 

Kokkeelevar ved Lycée Rabelais Representantane frå Fusa diskuterar med norsk elev i Bayeux

Alle møta enda opp med konkrete planar for vidare oppfølging. Fleire av skolane kan få besøk av sine franske samarbeidspartnarar allereie til hausten. Slåtthaug Vidaregåande kan mellom anna få besøk av 4 lærarar for to veker i oktober. Vertskapet var godt motiverte for samarbeid, fleire rektorar var stolte over skulane sine og ønskte verkeleg eit samarbeid med Noreg.  Denne måten å etablera samarbeid på ser ut til å vera smart; no må me norske vera flinke og kontakta våre nye vener relativt raskt! uttalar Mette Holmefjord Olsen, internasjonal koordinator ved Fusa Vidaregåande.

God kontakt med samarbeidsregionen

Programmet på fransk side var organisert av det internasjonale teamet ved Conseil Régional de Basse-Normandie, heilt ned til den minste praktiske detalj. Oppfølginga undervegs var også heilt fantastisk og langt meir enn vi hadde forventa. Sidan ansvaret for dei vidaregåande skolane i Frankrike er delt mellom regionen (som har det tekniske ansvaret) og det statlege ”rektoratet” (som har det faglege ansvaret) så var også utveljinga av skolar og utarbeidinga av programmet gjort i samarbeid mellom dei to einingane. Besøket frå Hordaland representerte og i så måte noko nytt, ved at dette høvet var første gongen dei to jobba saman på denne måten.

Utdanningsdirektøren tilknytte ”rektoratet” understreka også kor viktig slike skole-til-skole initiativ er, både for dei enkelte skolane og for regionane. Møtet hos ”rektoratet” ble og nytta til å presentere og drøfte likt og ulikt ved fransk og norsk skolesystem og arbeidsvilkår og på den måten få ei auka forståing for dei moglegheiter og avgrensingar som finnast.
Madame Le Recteur med sine næraste rådgjevare

 Det offisielle programmet blei avslutta med ein middag i regionrådet under vertskap av Visepresident for internasjonalt Philippe Bonneau og Visepresident for utdanning Jean-Karl Deschamps. Dei understreka begge eit håp om eit nærare samarbeid mellom dei to regionane. Så nå gjenstår det bare å følgje det opp!

F.v. Ole Bjørn Eikeland - Fusa vgs, Jostein Lid - Voss gymnas, Olav Røttingen - Sandsli vgs, Siri Persen - Voss gymnas, Marit Sandsleth - Sandsli vgs, Inger Lise Thorstensen - Slåtthaug vgs og Anneli Belsvik Aras - Slåtthaug vgs og Mette Holmefjord Olsen - Fusa vgs

Charlotte Lillefjære-Tertnæs (tekst & foto) 03.04.2008 08:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart