Kystsogevekene 2008 vil i perioden frå 9. august til 14. september danne ei ramme for meir enn 150 lokale arrangement i 20 kommunar – frå Sveio i sør til Gulen i nord, noe som gjør dette til den største kystkulturmønstringa i Noreg. Programmet famnar og vidt, frå store folkefestar til intime konsertar eller små arrangement. På dei ulike stadene vil ein kunne oppleve marknader, konsertar, torgdagar, revyar, turar og andre aktivitetar. Mange veteranbåtar er i sving, og folk i alle aldrar kan prøve seg på ulike maritime

Den offisielle opninga av kystsogevekene 2008 var det forsvarsminister Anne Grete Strøm Erichsen som stod for, men det var og velkomsttalar ved byråd Henning Warloe og styreleiar i stiftinga kystsogevekene Bjørn Myhren.
Nytt av året er det at kystsogevekene geografisk er utvida vestover – til Shetland og Orknøyane. Dette kom som eit resultat av ei kartlegging som vart gjennomførd i 2007 og som resulterte i rapporten "Geografisk utviding av Kystsogevekene" i februar 2008. Denne konkluderte med at ei utviding i Vesterled ville være den bese måten å starte. I første omgang dreier det seg om ei prøveperiode på tre år.
Folkefest langs Bryggen
Laurdag kom dette til uttrykk gjennom at opningsarrangementet, i tillegg til lokale kulturelle innslag ved Minisjantifantane frå Sunnhordaland som drog det heile i gong med sjantisong, og bergensrapparen Gest som hadde laga ein ”oppdatert” versjon av kysttrubaduren Johannes Kleppeviks "Oldefar", og hadde fleire musikalske innslag frå Shetland og Orknøyane. Felespillaren Kevin Henderson bidrog med ei rekkje reels (slåttar) frå Shetland. Vokalgruppa Orkney Song Shop og den musikalske duoen Saltfishforty gav publikum ei god innføring i musikktradisjonane frå Orknøyane.
I fem veker framover vil ei lang rekkje arrangement i Hordalandskommunane stå i kystkulturen sitt teikn. Samstundes vil det nye samarbeidet med Shetland og Orknøyane bringe kulturinnslag frå Hordaland vestover.

Orkney Song Shop og Saltfishforty i samspel
Meir informasjon wwww.kystsogevekene.no