Nytt interreg-prosjekt ”Economusées Northern Europe”

”Economusées Northern Europe” - ENE er eit Interreg-prosjekt under Northern Periphery programmet. Hordaland Fylkeskommune er ”lead partner” for prosjektet, som er et samarbeid med regionar i Irland, Nord-Irland, Island og Færøyane, i tillegg til det Inter

Prosjekt lansert i april

EU sitt programstyre for NPP-Interreg programmet godkjente prosjektet i sitt møte i desember 2007, og prosjektet blei formelt lansert under eit arrangement i rådhuset i Quebec by, 10. april 2008. Minister for arbeid og sosial solidaritet i Quebec, Sam Hamad, var blant dei som haldt innlegg i den samanhengen. Det same var Cyril Simard, leiar for det Internasjonale samfunnet for nettverket av Economusèer og byrådsmedlem i Quebec by, Denise Trudel. Helge Andre Njaastad, leder i Kultur- og Ressursutvalet i fylkeskommunen haldt tale på vegne av Hordaland som ”lead partner”.

 

Prosjektet sin målsetning er, gjennom å kombinere kunst, handverk og turisme å skape ein ny økonomisk plattform som skal bidra både til å bevare det tradisjonelle handverket og samtidig skape nye arbeidsplassar. Det vert særleg fokusert på å skape bærekraftige arbeidsplassar i rurale strøk og for unge menneske. Gjennom ei planlagt tidsramme på 3 år vil fokus vere etablering og drift av 18 economuseum, der 5 vert etablert i Hordaland/Aurland.

 

Besøk på economuseer i Quebec provinsen

Gjennom ei heil uke i Quebec, fikk ein 16 personars delegasjon frå Hordaland (som representerte fylkeskommunen, kommunar, verksemder og organisasjonar) ei grundig innføring i economuseumskonseptet. Opplæringsprogrammet bestod av førelesningar og arbeidsgrupper på Université Laval i tillegg til vitjingar til ulike verksemder i provinsen. 

 

Hensikta med vitjingane på dei ulike economuseene var å gje ei konkret innføring i konseptet; trene deltakarane til å sjå etter dei komponentane som alle economuseer må innehalde, men korleis dei på same tid er tilpassa dei einskilde stadene. Vi nytta på same tid anledninga til å spørje eigarane om kvifor dei hadde vald å bli med i nettverket og kva for konkrete fordelar det har gitt dei.

 

Frå fiolinar til klatreveggar

Jules Saint-Michel er fiolinmakar. Han er opphavleg frå Ungarn men kom til Canada etter krigen. I meir enn 35 år har han konsentrert seg om å lage og restaurere fiolinar og er anerkjent som leiande på feltet. Verkstaden er ein familiebedrift kor både sonen, dottera og barnebarnet hjelper til, saman med nokre få tilsette utanfor familien. Motivasjonen for å bli med i nettverket var først og fremst ønsket om å bli meir synlege. ”Det faktum at vi er på turistkartet og i brosjyrene, gjør at mange menneske kommer innom butikken vår når dei har ein ettermiddagstime fri”, som dottera Lily Saint-Michel uttalte det.

 

Ønsket om å bli meir synleg var og ein hovudmotivasjon for Lousie Bosquet som jobbar med kvit porselen, saman med mann sin, svoger og ein keramikar. Ho er eigentleg keramikar, men gikk over til porselen i 2001(etter å ha vore på studieopphald i Limoges i Frankrike).

På spørsmål om kvifor dei ville bli medlemmar av nettverket svara ho at ”uten Economuseum nettverket hadde vi aldri klart oss. Det at vi har nettverket i ryggen gjer oss meir synlege – det er derfor vi ofte får bussar med besøkande inn”

 

Eit economuseum behøver ikkje bare å være ein liten verkstad, Serge og Nathalie LeClair i ”Studio de Verriers du Richelieu” har innreia ein heil låve som verkstad for sin teknikk for laging av og arbeiding med glasprodukt, kor det største produktet så langt har vore ein klatrevegg - i glass!. For dei var det filosofien bak nettverket som var det viktigaste ”Vi las ein artikkel om Economusée nettverket i eit magasin, og skjønte at dette var heilt i tråd med det vi stod for. I tillegg var det å bli godkjende av nettverket eit kvalitets-stempel som ville vere eit viktig element i marknadsføringa”.

 

Aurlandsskoen er ein mogleg deltakar. Dei var med på opplegget i Quebec, og verksemda vart til og med valt ut som eksempel for ein praktisk arbeidsoppgåve for dei andre deltakarane. ”Aurlandsskoen er slikt eit godt eksempel” uttrykte Claude Dubé, UNESCO chair for kulturarv ved Université Laval. ”I tillegg har eg vore der sjølv og vet at det er ein utroleg vakker plass i tilegg”. Alle deltakarane fikk i oppgåve å skissere korleis lokala til Aurlandsskoen kunne gjerast om til å bli eit fullgodt economuseum.

 

Det er mange formalkrav til verksemder son ønskjer å bli economuseer; krav om bearbeiding av råmaterialet ved hjelp av tradisjonelle teknikkar, produksjon av eit avgrensa tal av produkt og sal på staden, krav til at handverkaren sjølv deltar og har oppsyn med heile tilverkingsprosessen osb. Dette ekskluderar m.a. reine råvareprodusentar og verksemder med meir industriell framstilling. Derimot gjer det at dei besøkjande ser heile prosessen, kor langdryg den er, kor mykje arbeid som ligger bak produkta, og samtidig møter handverkaren som tillager dei, gjer at dei er villige til å betale meir for eit høgkvalitetsprodukt (men samtidig så slipp ein alle dei fordyrande mellomledda).

 

Nye economuseer i Hordaland

Over dei neste åra skal det etablerast 5 economuseer på vestlandet (4 i Hordaland og 1 i Aurland). Kommunane har difor blitt oppmoda om å melde inn aktuelle deltakare til oss innan 16. juni. Dei interesserte verksemdene vil deretter bli vurdert i samsvar med dei kriteria og strategiske vurderingar som vert sett til nye economusear. Prioriteringa vil bli lagt fram for KURE-utvalet 19. august som vil gjere vedtak om dei bedrifter som vert med i prosjektet. 27. mai haldt Kultur og idrettsavdelinga eit informasjonsmøte for kommunar og organisasjonar/ verksemder som var interessert i å lære meir om moglegheitene.

 

Dei verksemdene som til slutt bli valt ut vil bli etablert som  nye economusear, med fagleg støtte frå Canada og fylkeskommunen, og med noko EU støtte, eventuell lokal støtte og eigne private investeringsmidlar. Kva får deltakarane? Det vil ikkje bli gitt direkte økonomiske tilskott, men dei vil få hjelp til ein ny utvikling- og driftsplan, ny marknadsstrategi, nytt marknadsmateriell, internett samarbeid/web-utvikling. Economuseene vil få ein sams profil i alle dei 6 regionane som er involvert.

Charlotte Lillefjære-Tertnæs (tekst & foto) 30.06.2008 07:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart