Ny utdanningsavtale signert med Nedre-Normandie

Under ”Europeiske dagar” i Caen, i Hordaland sin samarbeidsregion Nedre-Normandie, vart det underteikna ein avtale om nærare samarbeid på utdanningsfeltet mellom Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen og Academie de Caen, som representerar utdanningsmyndig

Kor satt saman frå 5 vidaregåande skolar i regionen.

 

Academie de Caen som er det statlige utdanningsdirektoratet med ansvar for det faglige innhaldet på alle institusjonar i Nedre-Normandie, frå barnehage til universitet, markerte den Europeiske veka med å invitere utdanningsmyndigheitene frå sine 5 samarbeidsregionar til ei utdanningskonferanse i Caen 20-22. oktober. Ei felles erklæring som understrekar den sentrale rolla til internasjonalt utdanningssamarbeid ble underteikna av dei 5 regionane Nedre-Normandie, Dorset (UK), Unterfranken (DE), Alba (RO) og Hordaland.

F.v. opplæringsdirekørane i Alba (RO), Dorset (UK), Nedre-Normandie (FR), Hordaland og Unterfranken (DE).

 

I tilegg til felleserklæringa vart det og underteikna ein bilateral avtale mellom Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen og Academie de Caen. Det siste året har det vore ei fornya innsats mot å etablere kontaktar mellom skolane i dei to regionane og denne avtalen formaliserar samarbeidet på opplæringsfeltet og legg opp til eit nærare samvirke innan fleire aspekt.

  

 

Dei to neste dagane var fylt med rundebordsdiskusjonar kor lærarar frå regionen var invitert for å få eit europeisk perspektiv på skolekvardagen. Første dagen var temaet ”Overgongen frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning” og Charlotte Lillefjære-Tertnæs frå arbeidslaget Internasjonalt Arbeid i fylkeskommunen haldt eit innlegg om det norske skolesystemet. Andre dagen var temaet ”Europeiske krigar i historieundervisninga” i samband med lanseringa av eit felles fransk-tysk læreverk om den andre verdskrigen. Her haldt Sven-Erik Grieg-Smith som undervisar i historie på UiB eit innlegg om historiefaget i Noreg. 

 

Det var viktig for dei franske utdanningsstyresmaktene å på denne måten syne at dei gir det europeiske utdanningssamarbeidet ein høg prioritet. For delegasjonen frå Hordaland ga det eit høve til å få eit innblikk i fransk skolekvardag og samstundes styrke banda til skolesektoren i Nedre-Normandie.

 

Meir informasjon (på fransk)

-          Academie de Caen sine sider om europeisk samarbeid

-          Offisiell fransk informasjon om markering av europeisk veke

Charlotte Lillefjære-Tertnæs 29.10.2008 13:18
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart