Konsertar med folkemusikkgruppe frå Orknøyane

West Mainland Strathspey & Reel Society er ei gruppe med folkedansarar og –musikarar frå Orknøyane som er på vitjing i Bergen frå 2. til 9. juli. I løpet av opphaldet har dei mellom anna hatt konsertar både på Torgallmenningen og på Troldhaugen.
 Gruppa, som kjem frå Hordaland sin venskapsregion Orknøyane, hadde med 26 amatørmusikarar som spelte trekkspil, fele, kontrabass og keyboard.  Dei har og ei brei alderssamansetting med 8 personar under 18 år, 14 pensjonistar og 4 ”innimellom”.

 

Laurdag 5. juli haldt dei ein konsert på Torgallmenningen. Det vart ei trivelig oppleving for dei mange tilskodarane som nøyt underholdninga i det varme sumarveret. I løpet av den meir enn timelange konserten gav gruppa mange smakebitar på folkemusikken frå Skottland, Shetland og Orknøyane.

" align="middle" />

 

Måndag 7. juli arrangerte Bergen Scottish Society ein konsert med gruppa i Trollsalen på Troldhaugen.  Det var og mange av medlemmane i venskapsforeininga Noreg-Orknøyane som hadde tatt turen ut til Troldhaugen denne måndagskvelden midt i ferien. Dei rundt 50 frammøtte fikk servert eit variert utval av song og musikk frå Skottland, Shetland og Orknøyane.

 

Charlotte Lillefjære-Tertnæs (tekst & foto) 08.07.2008 08:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart