Markeringa av jubileet
25-års jubileet ble markert med ein festmiddag i dei nyrestaurerte lokala på Stend hovudgard, fredag 13. juni. Fylkesordførar Torill S. Nyborg var vertinne for kvelden og understreka i sin tale kor viktig grasrotengasjementet har vore for samarbeidet mellom dei to regionane. Det var vennskapsorganisasjonen på norsk side, Norway - Orkney Friendship Association, som i 1980 foreslo at det skulle opprettast ein venskapsavtale mellom Hordaland og Orknøyane. Forslaget vart godt mottatt av både den politiske og administrative leiarskapen på begge sider, og avtalen vart endeleg signert av dei to fylkesordførarane Edwin Eunson og Ole Dramdal under Fylkestinget på Voss, 13. juni 1983.

Med i delegasjonen frå Orknøyane var og to musikarar, Douglas Montgomery (fele) og Brian Cromarty (gitar og song), som opptredde ved fleire høve, av og til i samspill med fylkesmusikarane Reidun Horwei (song) og Einar Mjølsnes (fele). Dette er og eit godt bilete på det kultursamarbeidet som har vore mellom Hordaland og Orknøyane dei 25 åra.
(Foto: Tone S. Haugland)
Blei kjende med Hordaland
I løpet av helga delegasjonen var i Hordaland, fekk dei og høve til å sjå meir av fylket. Laurdagen fikk dei ei omvising på museumssenteret i Salhus og sundagen vitja dei Havråtunet og Osterøy museum og spaserte ned Kossdalsvegen ved Hosanger. Overfor Bygdanytt sa ordførar Stephen Hagan seg svært imponert over Osterøy museum. «Det har vore interessant å sjå korleis dei har bygd opp samlingane, og kor fint dei klarer å presentere røtene sine her i museet,» sa han til avisa.
Fagleg program
Delegasjonen frå Orknøyane hadde og eit ønskje om å studere korleis ein del sentrale problemstillingar vart løyste i Hordaland. Tema for det faglege programmet var administrasjon og utvikling av musé, forvaltning av kulturminne, utdanning og nye skuleprosjekt, helseomsorg og regionale utviklingsprogram.
På Orknøyane står ein framfor utbygging av to skular til erstatning for eksisterande bygningar i Kirkwall og Stromness. I den samanhengen hadde OIC særleg bede om å få høyra om fylkeskommunen si skuleutbygging.. Eigedomssjef Helge Haavardtun orienterte om nybygga Hordaland er i gang med. Deretter gjekk turen til omvising ved Tertnes vidaregåande skole og deira tilbygg som vart opna i fjor.
(Foto: Tone S. Haugland)
Under måndagens ”twinning meeting” i fylkeshuset, gav og Stephen Hagan, saman med leiar for administrasjonen Alistair Buchan ei orientering om aktuelle politiske og organisatoriske utfordringar, slik som the Orkney Community Plan, the Orkney Structure Plan, og the Single Status outcome agreement.
Kontakta
Utvekslinga mellom Hordaland og Orknøyane har hovudsakleg skjedd innan kultur og undervisning. I 20 år har det årleg kome to elevar frå Orknøyane til eit skuleår ved Voss folkehøgskule. Dei siste 16-17 åra har Hordaland sendt elevar til tilsvarande opphald på Orknøyane. "Ein heil klasse" hordalendingar har såleis eit skuleår bak seg i venskapsfylket vest i havet. Likevel understreka Stephen Hagan i sin tale at elevutvekslinga har bare vore ein del av den lange erfaringsutvekslinga mellom dei to regionane. Opp gjennom åra har delegasjonar frå Orknøyane hausta nyttig erfaring gjennom organiserte besøk til skoler, fabrikkar, ferjer, kraftstasjonar, musé, samt ei rekkje andre sosiale og økonomiske fasilitetar i Hordaland.
Nesten norsk flagg
I 2007 vart det arrangert ein konkurranse om å utforma eit flagg for Orknøyane. Her kom dei tette banda mellom Noreg og Orknøyane til uttrykk. Flagget som vart føreslege, og valt, var så likt det norske at det var enkelte som meinte at det ikkje kunna brukast. Bortsett frå det kvite som er bytt ut med gult er det utforma som det norske. Men gulfargen gjer at det samstundes har ein viss svensk dåm over seg. Under jubileumsopphaldet fekk Hordaland overrekt eit eksemplar av orknøyflagget. Magnus Orknøyjarl har gjeve namn til krossen i flagget. Dette vert kalla The Cross of St. Magnus, eller Magnus-krossen.

Framme frå venstre: Musikarane Brian Cromarty og Daouglas Montgomery, Janice Annal (leiar i utdanningsutvalet og einaste kvinne av 21 medlemer i OIC), varaordførar James Stockan, ass. rådmann Elaine Grieve, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, ordførar Stephen Hagan og rådmann Alistair Buchan. Bak frå venstre: Andrew Drever (nestleiar transport- og infrastrukturutvalet), Graham Sinclair (OIC-medlem), direktør for utvikling Jeremy Baster, David Tulloch (OIC-medlem), John Eccles (nestleiar i utdanningsutvalet), Russ Madge (nestleiar sosial- og familieutvalet) og Eoin Scott (OIC-medlem). (Foto: Stanley Hauge)