Delegasjon frå Kina vitja Hordaland

Politiske myndigheiter frå Hebei-provinsen i Kina vitja Hordaland fylkeskommune 29. august. Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen tok imot beslutningstakarar som kom på ei tredagars vitjing i Noreg. Viseguvernør Long Zhuangwei leia delegasjonen som ønskj

Hebei-provinsen

Delegasjonen kom frå Hebei-provinsen i Kina, som har eit folketal på nesten 69 millionar. Hebei har til samanlikning om lag 10 millionar fleire innbyggjarar enn Storbritannia. Som ein ring omfavner provinsen Kinas hovudstad Beijing og hamnebyen Tianjin. Saman dannar Hebei-Beijing-Tianjin ei økonomisk sone, og aktiviteten her har ringverknadar for utviklinga i heile landet.    

 

Den kinesiske delegasjonen

29.august vitja ein delegasjon frå Hebei-provinsen Hordaland fylkeskommune. Viseguvernøren Long Zhuangwei leia ei gruppe av beslutningstakarar innan utdanning, forsking og internasjonalt arbeid. Målet med denne vitjinga var å få meir kunnskap om Hordaland fylke og å opna dører for samarbeid innan utdanning, forsking, innovasjon og næring. Intensjonar om utvekslingsprogram var også på agendaen. 

 

Bilete: 1. rekke (frå venstre): Leiar for internasjonalt arbeid Wang Chengji, viseguvernør Long Zhuangwei, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, skolesjef Inger Øvsthus-Tønder. 2. rekke (frå venstre): rektor Inge Alver, næringssjef Lars Tveit, Yrjan Tangenes og Gisle Johnsen (Grieg Music Education). 

Utdanningstilbodet i Hordaland vekka interesse Utdanningstilbodet i Hordaland vekka stor interesse i den kinesiske delegasjonen. Delegasjonen kom med intensjonar om samarbeid, og desse ønskja fekk ein klarere retning etter presentasjonane frå fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, skolesjef Inger Øvsthus-Tønder, næringssjef Lars Tveit og rektor Inge Alver. Utdanningstilbod i entreprenørskap og TAF (Tekniske allmenne fag) fekk viseguvernøren til å sjå konturane av mogeleg samarbeid. ”Dette utdanningstilbodet kan danne eit springbrett for framtidige prosjekt”, presiserte Long Zhuangwei.

Mandarin ved Knarvik vidaregåande skule

Utvekslingstilbod for både lærarar og elevar var eit anna samtaleemne. ”Knarvik vidaregåande skule startar med undervisning i mandarin etter behov frå lokale bedrifter,” fortalde Inge Alver. Hensikten er å leggje forholda til rette for større språk- og kulturforståing; og gjennom utveksling å få betre innblikk i kvar andre sine tenke- og væremåtar.

 

Samarbeidspartnare

Delegasjonen frå Hebei kom på tre dagars Noregsbesøk. I Hordaland, vitja delegasjonen SIU (Senter for internasjonalisering av høgare utdanning) og Høgskolen i Bergen. I tilegg møtte delegasjonen representantar frå Grieg Music Education, som nyleg underskreiv fleire store kontraktar i Kina innan digital musikkundervisning.

 

Kina/Bergen-konferansen

8. september arrangerar Bergen næringsråd og Den kinesiske ambassaden i Noreg ein Bergen/Kina-konferansen. På dette arrangementet, rettes fokuset mot maritim sektor.
Ieva Serapinaite 03.09.2006 15:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart