Tilskotsordningar

Kommunane kan søkje fylkeskommunen om delfinansiering av både tettstadsanalyser og fysiske prosjekt. Dette gjeld både planlegging og realisering. Det kan søkjast frå to ulike tilskotsordningar:

Tilskotsordning   Søknadsfrist

1. Midlar avsett på fylkesbudsjettet: 
Alle kommunar i fylket kan søkje.

Ingen søknadsfrist, men pga avgrensa midlar er det lurt å søkje så tidleg på året som råd

2.  Fylkeskommunale midlar delegert frå Statsbudsjettet:
Kap. 551, post 60; Tilrettelegging for næringsutvikling. Desse midlane kan søkjast frå alle kommunar som ligg innanfor virkeområde C og D (tilsvarar soneinndeling som Innovasjon Noreg).

Har i praksis 1. november som frist, men også her er det lurt å vere tidleg ute

 

Føresetnaden for støtte er at kommunen sjølv yter minst tilsvarande sum som fylkeskommunen. For tettstadprosjekt er det lurt å på førehand rådføre seg med tettstadsansvarleg  i Planseksjonen, Regionalavdelinga.

Søknadsskjema

For meir informasjon, søknadsskjema og kontaktpersonar, gå til sida www.hordaland.no/tilskot/Regional/Kommune-og-tettstadplanlegging

Prioritering

Fordi midlane så langt har vore av avgrensa storleik, vil i hovudsak dei prosjekta bli prioriterte som viser høg fagleg og utføringsmessig kvalitet, og som best vil vere med på å utvikle lokalsamfunnet i positiv retning i høve til fylkeskommunale planar, rikspolitiske retningsliner osv.

Medfinansiering

Det er vanleg at næringslivet lokalt er med på å bidra både økonomisk og på andre måtar til realisering av prosjekta. Vidare er det ønskjeleg med samarbeid mellom kommunen og regionale og/eller statlege etatar (eks. Statens vegvesen) - både fagleg og i form av økonomiske ”spleiselag”. Andre økonomiske bidragsytarar kan vere halvoffentlege selskap som kraftlag, næringsutviklings-selskap, parkeringsselskap, offentlege fond osv.

Om Regionalt utviklingsprogram (RUP)

15.03.2012 11:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart