Stadanalyser
Sidan 1992 har Hordaland fylkeskommune vore ein aktiv bidragsytar når det gjeld faglege råd og økonomisk støtte til stadanalyser og byggeskikksprosjekt i kommunane.
Kva er ein stadanalyse?
Ein stadanalyse er ei systematisering av kunnskap for å forstå korleis ein stad har utvikla seg over tid, og for å kunne kartleggje særtrekk og spesielle kvalitetar på staden, som grunnlag for framtidig fysisk utvikling
Stadanalyse i planprosess
Stadanalyser bør gjerne utarbeidast i forkant av ei planprosess (t.d. reguleringsplan i sentrumsområde) knytt til Plan- og bygningslova. Analysen blir då ein integrert del av planprosessen. Analyse kan òg lagast i samband med utbygging av eit offentleg felles område eller møteplassar. Dette som ei ”føre var” handling for å sikre at viktige føresetnadar ikkje blir oversett.
Best resultat får ein om ein gjer analysearbeidet som del av ein brei lokal demokratisk prosess, ved å involvere innbyggjarane, næringsdrivande, huseigarar, foreiningar og lag, skulen, lokalpresse osv. Det vil kunne gje betre innsikt for den enkelte og større engasjement for ei god utvikling av staden.
Analysen kan starte med kartlegging av overordna naturtilhøve, landskap, lokalklima osv., før kartlegging av sjølve den fysiske tettstaden. Det finst ei rekkje ulike analysemetodar, som kan brukast alt etter den enkelte lokale situasjonen.
Les meir om metode og døme
Lenke: www.stedsutvikling.no