Tettstaden er ofte kjernepunktet i eit lokalsamfunn. Gode fellesrom, lett tilgjengelege møteplassar og trivelege sentrumsarenaer er viktig både for innbyggjarar og tilreisande. Målet er trivsel i varierte, heildøgnslevande og menneskelege sentra med høg kvalitet.
For kommunar og ressursgrupper som ønskjer å utvikle sine lokalsamfunn, er det høve til å få fagleg og økonomisk støtte til tettstadsprosjekt.
Hordaland fylkeskommune vil stimulere til å utvikle eit nettverk av attraktive region- og kommunesentra for handel, offentlege tenester, næringsutvikling, bustadar og kultur. Målet er å styrke den funksjonelle, økonomiske og estetiske kvaliteten av tettstadane i fylket - samt å styrke tettstadane som symbol og felles samlingspunkt for ein kommune eller eit lokalsamfunn.
Tettstadsprosjekt basert på eit breidt og langsiktig samarbeid lokalt har ofte vist seg å gje dei beste resultata. Aktuelle samarbeidspartar er forutan kommune og fylkeskommunen, lokale næringsdrivande, ideelle organisasjonar, grendelag, grunneigarar og ressurspersonar. Statens vegvesen, Husbanken, Fylkesmannen m.fl. kan vere aktuelle samarbeidspartar. Sidan 1990-talet er det gjennomført ei rekkje slike samarbeidsprosjekt i Hordaland, finansiert ved spleiselag mellom samarbeidspartane.
Tettstadsforum Hordaland
Fylkeskommunen bidrar til tettstadutvikling også gjennom råd og rettleiing til kommunane i deira arbeid med kommuneplanar og reguleringsplanar. Meir om planlegging på www.hordaland.no/plan (planrettleiing og regional startpakke)
Dersom du har tankar eller planar om å setje i gang konkrete tiltak i ein tettstad i din kommune, kan du ta kontakt med oss for rådgjeving. Det er mogeleg å søkje om økonomisk støtte til planlegging eller realisering av tettstadsprosjekt. Kontakt Planseksjonen, Kari Øvsthus