Profilbilde

Universell utforming

Universell utforming handlar om korleis vi kan innrette samfunnet, tenesteyting og omgjevnadene slik at flest mogleg menneske kan delta på vanlege vilkår, utan behov for spesiell tilrettelegging.

Svært mange vil før eller seinare i livet, for kortare eller lengre tid eller permanent, ha nedsett funksjonsevne. Når dei menneskeskapte omgjevnadene er utforma med tanke på eit teoretisk gjennomsnittleg menneske med full rørsle og alle sansar intakte, og det ikkje er tatt høgde for at menneska er svært ulike, kan det skape irritasjon, frustrasjon og diskriminering.

Universell utforming har med forenkling å gjere, og det er med på å skape trivsel og større livskvalitet. Universell utforming er også samfunnsøkonomisk lønsamt, særleg om det blir lagt inn som ein føresetnad for utforminga av nye tiltak. Etterpåklokskap og reparasjon er mykje dyrare.

Universell utforming

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart