
Hordaland skaper verdiar - Regional planstrategi for Hordaland 2010 - 2012 vart vedteke i Fylkestinget 16. desember 2010 (meir om prosessen her) Planstrategien skal ha verketid ut 2011 og fram til ny planstrategi er vedteke tidleg i neste valperiode.
Regional planstrategi for Hordaland gir utviklingsretning for fylket. Planstrategien skildrar dei viktigaste utviklingstrekka, utfordringar og moglegheiter. Ut i frå dette har fylkespolitikarane teke stilling til kva planar vi treng framover.
Regionale planar er eit sentralt verkemiddel for å tilpasse, og utfordre statleg politikk. Planane blir bindande for regionale aktørar og gir klare føringar for kommunane. Målet er å skape gode rammer for vidare utvikling. Planstrategien fokuserar på følgjande temaområde:
- Folkehelse
- Areal
- Transport
- Kultur
- Næring
Totalt skal det startast opp arbeid med åtte nye planar:
- Regional plan for folkehelse
- Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet
- Regional plan for vassforvalting
- Regional plan for Sunnhordland – strandsone, havbruk og transport
- Regional plan for senterstruktur, service og handel
- Regional transportplan
- Regional kulturplan
- Regional næringsplan
Bakgrunn
Regional planstrategi er eit nytt planinstrument som vart innført ved revisjon av plan- og bygningslova i 2009. Den og er det einaste obligatoriske elementet for planlegging på regionalt nivå. Utarbeiding av regional planstrategi skal forplikte aktørane i den regionale utviklinga til å ta stilling til kva som er dei viktigaste utfordringane i fylket og korleis det skal arbeidast for å møte desse utfordringane.
Fylkeskommunen (regional planmyndigheit) har plikt til å utarbeide regional planstrategi ein gong i kvar valperiode og seinast eitt år etter konstituering. Regional planstrategi er omtalt i kapittel 7 i plan- og bygningsloven. Utdjupande kommentarar til loven er å finne i Lovkommentar. Sjå rettleiing til ny plan- og bygningslov på Miljøverndepartementet sine nettsider bl.a. med lenke til rettleiar T-1495 Regional planstrategi.