Regional plan

Kva er ein regional plan?

Regional plan etter Plan- og bygningslov av 2008 avløyser fylkesplanar og fylkesdelplanar. Regional plan kan gjelde for heile fylket (jmf. dagens fylkesplanar), for delar av fylket, eller den kan ta opp meir avgrensa tema for heile eller delar av fylket (jmf. dagens fylkesdelplanar). Regionale planar kan vere både tematisk og geografisk innretta.

Regional planstrategi

Ein regional plan skal kunne ivareta oppgåver og ansvar fylkeskommunen i dag har som regional utviklingsaktør. Dagens praksis med planar for heile fylket kan fortsette dersom dette er tenleg, men er ikkje eit krav. Kva planar fylkeskommunen skal arbeide med vert avklart gjennom regional planstrategi.

Langsiktig og målretta

Regionale planar skal ha eit langsiktig perspektiv, helst minst tolv år, samtidig som dei skal vere målretta og  konsentrert om dei tema som er aktuelle og som krev planavklaring og retningsliner for løysing. Det er særleg viktig at dei regionale planane handsamar oppgåver som krev avveging og avklaring mellom ulike interesser over sektor- og kommunegrenser, og samordning og forpliktande samarbeid mellom mange aktørar og gjennomføringa.

Handlingsprogram

Alle regionale planar skal ha eit handlingsprogram med anslag over ressursbehov og utpeiking av ansvarleg organ og samarbeidspartnarar for gjennomføring av planen. Fylkestinget vedtar handlingsprogrammet som ein del av den regionale planen og har ansvar for å ta programmet opp til årleg rullering.

Verknad av regional plan

Ein regional plan skal leggjast til grunn for regionale organ si verksemd og for kommunal og statleg planlegging verksemd i fylket. Planen gir grunnlag for å reise motsegn til kommunale planforslag for dei myndigheiter som blir berørt og har motsegnskompetanse.  

Planprosess

For regional plan skal det alltid utarbeidast eit planprogram (ikkje å forveksle med regional planstrategi) som skal sendast på høyring og leggjast til offentleg ettersyn. Det er fylkestinget som fastset planprogrammet,  dersom det ikkje har vedteke å delegere dette. Planprogrammet danner grunnlaget for arbeidet med sjølve planen. Fylkeskommunen står fritt til å organisere arbeidet, men føresetnaden er at kommunar, statlege myndigheiter, organisasjonar og institusjonar deltar.

Høyring

Forslag til regional plan skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn på same måte som planprogrammet. For regionale planar med retningsliner for utbygging skal planskildringa omfatte ei særskild vurdering av planens verknader for miljø og samfunn. Konsekvensutgreiinga skal vere basert på fastsett planprogram.

Regional planføresegn

Til regionale planar som gir retningsliner for arealbruk er det mogleg å vedta regional planføresegn som skal sikre at det ikkje vert gjort arealbruksendringar i strid med planen sine retningsliner. Bestemmelsen er ny. 

Føresegna kan fastsette at det for eit tidsrom av inntil ti år vert nedlagt forbod mot at det vert iverksett særskilt angitte bygge- eller anleggstiltak utan samtykke innanfor nærare avgrensa geografiske område.

Døme på dette kan vere kjerneområde for landbruket, større forretningsbygg utanfor byar og tettstader, landskapsområde eller frilufts- og naturomåde av regional eller nasjonal betydning langs sjø eller i fjellområde. Det kan også gjelde trasear for større samferdselsanlegg, forsvarsanlegg eller anlegg for energiforsyning som det enno ikkje er fastsett detaljerte planar for, eller for vassdragsforvaltning.

Regional planføresegn kan ikkje brukast til å hindre gjennomføring av utbyggingstiltak av nasjonal betydning, f.eks. kraftanlegg.

Føresegna er juridisk bindande i forhold til private utbyggjarar og kommunane. Forbodet vil bortfalle når kommunen har vedteke ein arealplan som ivaretek omsynet bak føresegna.

Regional plan er omtalt i kapittel 8 i plan- og bygningslova. Lovtekst og utdjupande kommentarar om regional plan er å finne på Miljøverndepartementet sine rettleiingssider om planlova.  

Liv Sundheim 08.02.2010 10:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart