Areal- og plandata

  1. Fylkeskommunen sin rolle
  2. Kart- og planforskrift
  3. Statens Kartverk - plan- og temadata
  4. Hordaland fylkeskommune si kart- og statistikkteneste
  5. Kulturminnedata
  6. Forsvaret
  7. Nyttige lenker

Fylkeskommunen si rolle

Lett tilgjenge til statistikk og geografisk informasjon er avgjerande for at dei som arbeider med kommunale planar skal kunne utføre naudsynte utgreiingar og for at planar skal kunne presenterast på ein god måte. 

Fylkeskommunen skal utvikla, rettleia og formidla når det gjeld kunnskap og bruk av kartfesta informasjon og statistikk som grunnlag for kommunal planlegging. I sakshandsaminga ønskjer vi å yta god service til kommune og utbyggjar. For å få dette til er vi avhengig av at tilfredsstillande kartmateriale følgjer saka.

Fylkeskommunen er også sjølv brukar av plankart frå kommunane i samband med handsaming av plansaker, i fylkesadministrasjonen og i fylkespolitiske organ

Kommunane og fylkeskommunen har derfor gjensidig nytte av ei god utvikling på dette feltet.

Kart- og planforskrift

Den viktigaste kjelda er Kart- og planforskrifta etter plan- og bygningslova 2008 med bl.a. Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister. Dokumenta er å finne på www.planlegging.no. Sidene vert oppdatert fortløpande, så følg med!

Statens Kartverk

Fylkeskommunen samarbeider med Statens Kartverk i Hordaland når det gjeld rettleiing og oppfølging av kartforskrifta.

Planrelevant informasjon er særleg å finne på Statens kartverk si side om plan- og temadata.

Kart og statistikk i fylkeskommunen

Hordaland fylkeskommune  driftar karttenesta http://kart.ivest.no/

Dersom du har spørsmål til datasetta knytt til fylkeskommunen sitt temakart eller ynskjer andre data frå Hordaland fylkeskommune til bruk i GIS-basert arealplanlegging, ta kontakt med fylkeskommunen sin GIS-koordinator Torbjørn Eidsheim Bøe, tlf. 55 23 93 02.

Hordaland fylkeskommune produserer og samanstiller jamleg statistikk til bruk for planleggings- og analyseføremål. 

Gå til side om kart og statistikk

Kulturminnedata

Fylkeskommunen er regional styresmakt for kulturminnevernet. Kulturavdelinga har ansvar for musea, bygningsvern og registrering av nyare kulturminne. Spørsmål om kulturminnevern generelt og spørsmål om registrerte bygningar i SEFRAK-registeret spesielt må rettast til Kultur- og idrettsavdelinga. SEFRAK-registeret inneheld data om meir enn 30.000 bygningar i Hordaland. SEFRAK-data vert ikkje distribuert gjennom Arealis. Det er oppretta ein nasjonal kulturminnebase: http://askeladden.ra.no. Les meir om kulturminne i planlegging.

Forsvaret

NOU 2004:27 Forsvarets skyte- og øvingsfelt omhandlar bl.a. tilhøvet mellom det sivile planarbeidet og Forsvarets behov for areal.

Nyttige lenker:

På databasen http://www.geoweb.no/braplan kan ein for nokre kommunar hente informasjon om kommunale planar.

 

 

07.04.2011 17:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart