I samband med at Hordaland fylkeskommune er i gang med å utarbeide Regional planstrategi for 2012 - 2016 vert det invitert til strategisamling 20. mars.
På strategisamlinga vert det fokus på utfordringar og strategiar for utvikling av fylket. Samlinga er ledd i arbeidet med regional- og kommunale planstrategiar. Målet er å få innspel til planstrategiane for å skape ei felles plattform for vidare arbeid.
Målgruppe for samlinga er politisk og administrativ leiing i kommunane og fylket
Planstrategien skal gjere greie for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar, vurdera langsiktige moglegheiter og ta stilling til kva spørsmål som skal tas opp gjennom regional planlegging dei næraste fire åra.
Som eit utgangspunkt for prosessen er det henta inn ulike analysar som er tilgjengelege på nettsida: www.hordaland.no/planstrategi. Analysane vil vere del av kunnskapsgrunnlaget for eit utfordringsnotat som skal presenterast til strategisamlinga.
Lenke til elektronisk påmeldingsskjema og program
Påmelding innan 13. mars.
Kontaktperson: Tord Bakke, tlf. 55 23 93 28