Fylkesutvalet vedtok 26.01 korleis arbeidet med planprogram for Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet skal organiserast.
Programkomitè og styringsgruppe
Fylkesrådmannen har fått i oppdrag å samle ein administrativ programkomité som skal utarbeide eit forslag til planprogram for den regionale planen. Deltakarar frå eit breitt utval av aktørar vil bli invitert til å vere med i gruppa. Programkomiteen skal utarbeide planprogrammet i nær dialog med ei politisk styringsgruppe som vert leia av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.
Utfordringar
I møtet i fylkesutvalet fekk politikarane presentert eit utfordringsnotat som Norconsult har utarbeidd. Føremålet med notatet har ikkje vore å kome med planløysingar, men å identifisere nokre viktige problemstillingar og utfordringar som må løysast i planarbeidet. Dette vil vere viktige innspel til arbeidet med planprogrammet.
Notatet frå Norconsult oppsummerer utfordringane som skal møtast med følgjande stikkord:
- Fordeling og styring av veksten i regionen
- Avgrensing av langsiktige grenser mot naturområde og overordna grøntstruktur
- Fastsetning av ein knutepunktstruktur som dempar transportbehovet og gir god tilgjenge til servicetilbod, konkretisering av desentralisert konsentrasjon som regional byutviklingsmodell
- Sikre eit mangfald i byområde som dekker variasjonar i lokaliseringspreferansar og legg til rette for attraktive «næringsmiljø»
- Utvikle ein berekraftig bystruktur som tek vare på og bygger opp under dei særeigne kvalitetane i bylandskapet og skaper gode bumiljø og stimulerande oppvekstkår
Sak 09/12 i Fylkesutvalet 26.01.2012 med lenkje til utfordringsnotat