Arkiv plannytt | Arkiv eldre nyhende
Programkomitéen for regional plan for senterstruktur og lokalisering av service og handel starta sitt arbeid med planprogrammet onsdag 2. mai.
Kultur- og ressursutvalet i Hordaland går samrøystes inn for å byggje ny firefelts Sotrabru. I tillegg vil utvalet ha bybana fram til Straume og samanhengande gang- og sykkelveg langs heile traseen frå Storavatnet til Kolltveit.
Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune har fleire viktige plansaker til handsaming på møtet i mai.
På samlinga i plannettverket 26. april var det lagt opp til gruppearbeid om kommunal planstrategi. Til tross for at kommunane har valgt nokså ulike løysingar for utarbeidinga, er utfordringane mykje dei same.
Plankonferansen vert i år arrangert i samarbeid med Norsk planmøte og har fått tittelen "Planlegging flytter grenser". Sett av dagane!
Fylkesordføraren inviterte styringsgruppa for arbeidet med Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet til eit første møte fredag 13. april.
Korleis kan arealplanlegging hindre at ekstremvêr gjer skade på infrastruktur, bygg og menneske? Dette skal Vestlandsforsking finne svar på i prosjektet Arealklim.
Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fremjar samrøystes motsegn mot utbygging av fritidsbustader i ”hotellhagen” ved Framnes hotell på Vossestrand. Utvalet meiner tal fritidsbustader må reduserast.
Kultur- og ressursutvalet er positiv til kommunedelplanen for Herdla i Askøy kommune som skal legge til rette for friluftsliv og naturoppleving, men meiner planforslaget ikkje er dekkande for kulturminne.
Fylkeskommunen og Fylkesmannen har i samarbeid gjennomført fire regionale samlingar for nyvalde kommunepolitikarar i Hordaland med tema plan. Om lag 300 har deltatt på samlingane.
I samband med at det skal utarbeidast kommunal planstrategi i løpet av 2012 har Hordaland fylkeskommune no sendt ut eit skriv med generelle generelle og temavise synspunkt på kommunale planstrategiar til alle kommunane i fylket.
Ved planseksjonen i Regionalavdelinga er det no ledig ei fast stilling som rådgjevar/ spesialrådgjevar/ seniorrådgjevar. Søknadsfrist 13. april.
Som ein av sju pilotkommunar i landet er Granvin herad valt ut som deltakar i prosjektet Framtidas bygder, der målet er å utforske og vise korleis framtidas klimasmarte bygder kan sjå ut.
Hordaland fylkesutval har godkjent at arbeidet med planprogram for regional plan for senterstruktur vert sett i gang. Den nye planen skal avløysa den gjeldande fylkesdelplanen frå 2002.
Stor oppslutnad om plannettverket 8. mars viser at det er stor interesse i kommunane for å lære meir om universell utforming i kommunal planlegging.
I Klimaplan for Hordaland 2010 – 2020 er det eit mål å få fleire til å reise med kollektivtransport framfor bil. Transportøkonomisk institutt har no utarbeidd ein rapport om kva styringsverktøy kommunane har for parkeringspolitikken.
Studiet i planrett på Universitetet i Bergen er no ope for påmeldingar.
I samband med at Hordaland fylkeskommune er i gang med å utarbeide Regional planstrategi for 2012 - 2016 vert det invitert til strategisamling 20. mars.
Tema i årets første plannettverksamling vert universell utforming i kommunal planlegging. Møtet finn stad på Fylkeshuset, møterom Vestland.
Fylkesutvalet slutta seg 26. januar til forslaget om å etablere eit Rallarvegråd for å samordne ulike interesser omkring Rallarvegen.
Hordaland fylkeskommune er i gang med å utarbeide planprogrammet for regional kulturplan.
Fylkesutvalet vedtok 26.01 korleis arbeidet med planprogram for Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet skal organiserast.
Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen har invitert kommunane til eit strategimøte om utvikling av Hordaland. Møtet er eit ledd i arbeidet med regional planstrategi.
Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland inviterer til fire regionale informasjonsmøte i februar om planlegging etter plan- og bygningslova.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland har sendt planprogram for interkommunal strandsoneplan på høyring. Planarbeidet omfattar Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa.
Fylkestinget har vedteke oppstart av ny regional planstrategi for inneverande valperiode. Det vert oppretta ei politisk styringsgruppe leia frå fylkeskommunen.
8. desember sluttbehandla fylkestinget i Buskerud og fylkestinget i Telemark Hardangerviddaplanen. Alle tre fylkesting har no vedtatt planen slik den låg føre frå styringsgruppa den 9. juni.
Årets konferanse i Forum for kommunale planleggjarar finn stad på Voss 6. - 7. februar og har tittelen "Kommuneplanlegging som ekstremsport". Påmeldingsfrist 16. desember.
Hordaland fylkeskommune skal utarbeide ein ny fire-årig regional næringsplan. Planen skal særleg innehalde overordna mål og strategiar for næringsutvikling i Hordaland. Det er utarbeidd eit planprogram som no vert sendt ut på høyring
Universitetet i Bergen tilbyr "Økonomisk globalisering - produksjonssystemer og sted" som eit vidareutdanningstilbod ved Institutt for Geografi.
Statistikk, kart og analyseverktøy i samband med kommunal planstrategi og oppstart av planar var tema på godt besøkt samling i plannettverket 24. november.
Regional planstrategi 2012-2015
Tidlegare høyringar