Kommunal planlegging av areala er ein viktig reiskap for å avvega ulike interesser mot kvarandre og leggja til rette for ei ynskt samfunnsutvikling. Fylkeskommunen skal medverka i planprosessane på ulike måtar og gje skriftleg fråsegn til planforslaget når dette kjem på høyring.
Fylkeskommunen og aktuelle sektororgan skal gje innspel tidleg i prosessen slik at kommunen kan ta omsyn til desse ved utforming og handsaming av planforslag.
Plansystemet føreset at detaljplanar er i samsvar med overordna plan. Dette er vesentleg for å sikre eit høveleg tempo i sakshandsaminga.
Kultur- og ressursutvalet handsamar kommuneplanar og kommunedelplanar som kjem på høyring, samt viktige reguleringsplanar der fylkesrådmannen har tilrådd motsegn.
Sjå også sidene om: