Fylkesplanen og fylkesdelplanane inneheld retningsliner for arealplanlegginga. Desse er nedfelt i kap. 8.3. i Fylkesplan for Hordaland 2005-2008. Fylkesplanen har ikkje eigen arealdel, men inneheld ei oppdatering og samling av gjeldande arealpolitiske retningsliner, vedtatt i forrige fylkesplan (2001 – 2004) og i aktuelle fylkesdelplanar.
Retningslinene er her samla for at det skal bli enklare for kommunar og utbyggjarar å nytte desse i samband med forvalting og handsaming av planar og enkeltsaker. Dei er under oppdatering slik at retningsliner i nyare planar også vert med, t.d. klimaplanen.
Vi gjer merksam på at den nye plan- og bygningslova har innført planføremål som ikkje er heilt i samsvar med dei som er omtalt i dei arealpolitiske retningslinene.
Fylkesdelplanar som ligg til grunn for dei arealpolitiske retningslinene
- Regionalt utbyggingsmønster
- Stadutvikling og senterstruktur
- Bergensregionen
- Samferdsel
- Areal- og naturressursar
- Kystsona
- Kulturminne
1.1 Ny arealbruk og transport skal planleggjast i høve til kvarandre
1.2 Ny infrastruktur og byggjetiltak skal bandleggja minst mogleg areal og innordna seg dei fysiske omgjevnadene i form av naturlandskap og kulturlandskap
1.3 Ved etablering av nye verksemder og nye bustadområde skal lokalisering vurderast i høve til pårekna transportbehov og eksisterande kapasitet på vegnettet
1.4 Risiko- og sarbarheitsanalysar skal leggjast til grunn i arealplanlegginga som del av planutgreiingar
1.5 Samanhengande grøntstruktur skal sikra tilgang til regionale friluftsområde
2.1. Senterstrukturen i Hordaland skal styrkjast med utgangspunkt i følgjande nivå, funksjonar og prinsipp for utbygging:
Fylkessenter: Bergen. Sentrumsområdet skal fastsetjast i kommuneplanen. Lokaliseringsstad for nasjonale og landsdelsfunksjonar og offentlege og private tenester retta mot heile fylket. Nasjonalt transportknutepunkt
med høg, effektiv og miljøvenleg kollektivdekning. Utbygging i storbyregionen skal vera energi- og arealøkonomisk langs dei sentrale transportkorridorane og knutepunkta. Handelsomland er heile fylket og delar av Vestlandet.
Regionsentra: Vossevangen, Odda sentrum, Leirvik, Straume, Knarvik, Norheimsund, Osøyro og Haugesund for Etne og Sveio. Sentrumsområda skal fastsetjast i kommuneplanane. Lokaliseringsstad for regionale offentlege og private tenester, spesialiserte funksjonar retta mot innbyggjarane i heile regionen. Regionalt transportknutepunkt og høg kollektivdekning. Utbygging med høg utnytting nær senter/ kollektivnett, høg
miljømessig og estetisk kvalitet, samordna areal- og transportbruk skal vera overordna planprinsipp. Handelsomland er definert på kartvedlegg.
Kommunesenter: Eitt kommunesenter der sentrumsarealet si utstrekning skal fastsetjast i kommuneplanen. Lokaliseringsstad for arbeidsplassar, kommunal administrasjon, kommunedekkjande offentlege og private tenester, lokalt transportknutepunkt, kollektivdekning. Handelsomland er heile kommunen.
Bydels- eller lokalsentra: Dersom det er relevant. Utstrekning for sentrumsområda skal fastsetjast i kommuneplanen. Lokaliseringsstad for arbeidsplassar, lokal handel, desentraliserte kommunale tenester. Handelsomland skal fastsetjast i kommuneplanen.
2.2 Handelsomland skal nyttast for utrekning av kundegrunnlaget ved etablering av nye større handelstilbod
2.3 Handelsverksemd, offentleg regional service og andre publikumsretta og trafikkskapande tiltak skal som hovudregel lokaliserast i senter som tilsvarar nivåa i strukturen, dersom ikkje særlege forhold tilseier noko anna.
2.4 I kommuneplanar og reguleringsplanar for sentra skal ein leggja til rette for ein detaljhandel som er tilpassa kundegrunnlaget innanfor handelsområdet. Daglegvarehandel skal primært dimensjonerast for lokalområdet.
2.5 Dersom nytt areal for handel overstig 1500 kvm eller samla areal etter utviding overstig 3000 kvm blir det kravd regional fråsegn. Kommunen og regionale styresmakter kan krevja handelsanalyse som viser om tiltaket /planforslaget er tilpassa staden sin storleik og handelsomland.
2.6 Kommuneplanen skal avgrensa det sentrale handelsområdet i kommunesenteret
og bydelssenteret og andre senter etter behov.
2.7 Publikums- og arbeidsplassintensiv service og handel bør som hovudregel lokaliserast innanfor det sentrale handelsområdet i senter, med mindre særskiltetilhøve som omtalt i fylkesdelplan forkjøpesenter tilseier noko anna.
2.8 Stadanalysar skal nyttast i utvikling av byar og tettstader. Støy og helsekonsekvensar skal vurderast ved all arealdisponering. Barn og unge sine interesser skal og vurderast.
2.9 Nye tiltak skal tilføra staden estetiske kvalitetar og styrkja staden sin karakter. Det skal leggjast til rette for mest mogeleg funksjonsblanding.
2.10 Grøntstrukturar knytt til sentrumsområde, bustadområde, skular og barnehagar må sikrast i planlegginga.
2.11 Ved lokalisering og utforming av idrettsanlegg skal det takast omsyn til transporttilhøve, energiforsyning, miljø og estetikk.
3.1 Nye bustadområde skal ikkje planleggjast før potensialet for fortetting innanfor eksisterande byggjesone og i gang-/ sykkelavstand frå kommunesenter/ bydelssenter eller lokalsenter er vurdert.
3.2 Nye bustadområde skal lokaliserast med god tilknyting til hovudtraseane for kollektivnettet og/ eller i nærleiken av senter og knutepunkt. Bustadområda i eller nær senter/ kollektivnett skal ha høgast utnyttingsgrad. Bustadområde skal lokaliserast nær skule, barnehage og servicefunksjonar og ha gode leikeog opphaldsareal.
3.3 Lite publikumsretta verksemder med stort transportbehov skal lokaliserast med god tilkomst til det verordna transportnettet. Vegavhengige og lite publikumsretta verksemder skal ikkje disponera areal eigna for verksemder som treng eit godt kollektivtilbod.
3.4 I vekstkommunar i Bergensregionen skal ein unngå spreidd bustadbygging utan tilknytning til overordna kollektivnett.
1.1 Tilstrekkeleg areal til næringshamner, viktige fiskerihamner, nasjonale og regionale hamner, viktige ankringsplassar og opplagsplassar skal sikrast. Knutepunkt for overgangar land- sjø skal sikrast for integrering av sjøtransport i det totale transportmønsteret.
1.2 Farleier og eigna trasear for røyr og kablar i sjø skal sikrast i arealplanar.
1.3 Skulevegar og vegar inn mot senter skal sikrast med gang og sykkelvegar
1.4 Kommunen skal utarbeida retningsliner for parkering og lokalisering av kollektivterminalar.
1.5 Tilstrekkeleg areal til framtidig utviding av lufthamner skal sikrast.
5.1 Verdifulle landbruksareal, naturlandskap og kulturlandskap skal sikrast gjennom kommuneplanlegginga.
5.2 Det skal leggjast til rette for høvelege næringsareal i kommuneplanlegginga.
5.3 Det skal leggjast til rette for å ta i bruk sjøområde og marine ressursar for å auka verdiskapinga i fiskeri og havbruk basert på langsiktig og kunnskapsbasert planlegging i kystsona.
5.4 Energi som tema skal inngå i kommuneplanlegginga. Større infrastruktur for energiforsyning bør inngå i arealdelen til kommuneplan saman med planlagde nye korridorar for høgspentnett, gassrøyr og fjernvarme.
5.5 Område eigna for vindkraft bør i arealdisponeringa bevarast for mogleg vindkraft-utbygging i framtida, og leggjast til område der dei er best mogeleg tilpassa terreng og landskap.
5.6 Det skal leggjast til rette for utbygging av små-, mini- og mikrokraftverk i område der dette høver.
Fylkesdelplan for kystsona, mål for areal:
1. Kystsona i Hordaland skal nyttast i balanse mellom bruk og vern av areal- og naturressursar og medverka til ei berekraftig samfunns- og næringsutvikling til beste for innbyggjarane og miljøet.
2. Sjø og landareal skal planleggjast i samanheng med og integrerast i kommuneplanen sin arealdel.
3. Produktiviteten i kystområda skal haldast ved lag og forvaltast i eit langsiktig perspektiv som grunnlag for ei lønsam og konkurransedyktig fiskerinæring.
4. Det skal leggjast til rette for utvikling av havbruksnæringa med vekt på å få til ei positiv utvikling i distrikta, konkurransedyktig næring og variert produksjon.
5. Strandsona skal haldast open og tilgjengelig for ålmenta slik at ikkje verdifulle område vert nedbygde. Allmenne friluftinteresser skal prioriterast før utviklinga av private fritidseigedomar i strandsona.
Sjøområda
6.1 Viktige og eigna areal for næringsaktivitet skal kunne takast i bruk for auka verdiskaping i kystsona. (Arealmål 5, arealstrategi 12) Slike areal skal ikkje nyttast til andre føremål. Viktige fiske og ressursområde for fiskarar frå fylket og andre distrikt skal sikrast.
6.2 Viktige oppdrettsområde, fiskefelt og låssetjingsplassar skal sikrast i kommunale planar.
6.3 Dei best eigna områda til produksjon av ulike oppdrettsartar skal identifiserast og sikrast i planar for sjøareal i kommunen.
6.4 Område for skjelsandopptak skal vurderast og gjerast synleg i arealplanar.
6.5 Viktige farleier med restriksjonar skal visast i kommunale arealplanar. Ankrings- og opplagsplasser skal visast i kommunale arealplaner.
6.6 Marint biologisk mangfald skal kartleggjast og viktige og sårbare naturtypar ivaretakast i kommunale arealplanar.
Strandsona
6.7 Kommunane skal kartleggja og definera den ”funksjonelle” strandsona.
6.8 Viktige areal for friluftsliv skal sikrast og nedbygging av strandsona hindrast.
6.9 Privatisering av 100-metersbeltet langs sjøen skal reduserast for å sikra ålmenta tilgang til strandsona og sjøområda. Utvikling av allment friluftsliv skal prioriterast før utvikling av private fritidseigedomar.
6.10 Regionale båtutfartsområde skal ivaretakast.
6.11 Det skal vera eit klart skilje mellom byggjeområde og areal som ikkje skal byggjast ut i strandsona.
a I kommuneplanen skal strandsona som hovudregel avmerkast som LNF - eller bandlagde område.
b I LNF- områda i strandsona skal bygging ikkje tillatast utanom i samband med tradisjonelt landbruk og
fiske og havbruk knytt til gardsdrifta. LNF- område avsett til spreidd utbygging skal som hovudregel ikkje
lokaliserast i 100- metersbeltet eller i areal definert som funksjonell strandsone.
c Kommunane skal som hovudregel merkja av område med eksisterande og planlagd utbygging i strandsona
som byggjeområde i kommuneplanen. Det skal stillast plankrav til nye byggjeområde.
d I byggjeområda skal den funksjonelle strandsona ivaretakast slik at ferdsel langs stranda vert mogleg og strandområde eigna til rekreasjon ikkje vert bygd ut. Det bør setjast ei byggjegrense mot sjø.
e Naust er bygningar i strandsona som vert nytta til oppbevaring av reiskapar, utstyr, båtar og anna. Naust som skal nyttast til overnatting og er innreidde som bustad/ fritidsbustad, kjem ikkje inn under dette omgrepet. Kommunane bør i kommuneplanen registrera samlingar av private naust og areal der det er føremålstenleg å byggja nye naust, og setja dei av til byggjeområde for naustføremål. Nye naust bør som hovudregel samlast i eigne naustmiljø der ein planlegg med tanke på felles båthamner, opplagsplassar og anna. I desse områda bør det vera krav om reguleringsplan.
f I byggjeområde bør bryggjeanlegg, kaiar, båthamner og naust innanfor bustad- eller hytteområde planleggjast
som fellesområde, slik at minst mogleg av strandarealet vert bandlagt, og slik at strandarealet ikkje vert privatisert.
g Tilhøyrande sjøareal utanfor friluftsområde på land skal avsetjast til friluftsføremål.
h Korridorar mellom strandområde og friluftsområde skal oppretthaldast.
i Kommunane skal handheva ein streng plan- og dispensasjonspraksis i strandsona.
Fylkesdelplan for kulturminne, mål for areal:
Kulturminne og kulturmiljø av kulturell, geografisk og tidsmessig breidde med nasjonal og regional verneverdi skal sikrast. Verneverdi vert fastsett ut i frå:
a verdi som historisk dokument,
b verdi som kjelde til kunnskap,
c verdi for bruk og næringsutvikling,
d verdi som grunnlag for oppleving av historisk kontinuitet, kulturhistorisk
og arkitektonisk mangfald og for særpreg og identitet.
7.1 Kulturminne og kulturmiljø skal vera ein integrert del av all areal-, miljø- og ressursplanlegging og forvalting i kommunane og i fylket.
7.2 Dokumentasjon og vurdering av kulturminne og kulturmiljø skal gjerast på eit tidleg stadium i all arealplanlegging. SEFRAK- registeret er ei sentral kjelde. Hovudpunkt i dokumentasjonen og vurderinga skal vera:
a Tidlegare bruk og utnytting av arealet/ landskapet.
b Fysiske spor etter busetnad, næringsverksemd og kommunikasjonar
c Bygg og anlegg, arkeologiske kulturminne, tekniske kulturminne, krigsminne o.a.
7.3 Planar (kommuneplanar, reguleringsplanar, utbyggingsplanar og søknader om igangsetting av tiltak) som ikkje har tilfredsstillande dokumentasjon og vurdering om kulturminne og kulturmiljø kan returnerast for utfyllande dokumentasjon og vurdering.
7.4 Vurdering av verneverdi skal gjerast med utgangspunkt i og i medhald av definerte vernekriteria. Det skal gjerast greie for kva for kriteria som vert lagde til grunn ved vurdering av verneverdi.
7.5 I område som har kulturminne og kulturmiljø med høg verneverdi, ut frå ei fagleg vurdering med utgangspunkt i dei definerte vernekriteria;
a vil det vera restriksjonar på endra arealbruk
b vil store tekniske anlegg (som høgspentliner, vindmøller, telemaster og vegar) ikkje kunne tilrådast
c vil endra bruk av bygningar og anlegg kunna tilrådast, dersom det fremjar vern av kulturminnet eller kulturmiljøet
7.6 Ved bruksendring eller søknad om riving av bygg med høg verneverdi skal bygningen dokumenterast med enkel oppmåling, skriftleg vurdering, skisser og foto. Det kan krevjast at dokumentasjonen vert gjennomført av kvalifiserte bygningskunnige. Ved søknad om riving eller når reguleringsplan vil medføra riving av bygg eller anlegg som har høg verneverdi eller som inngår i kulturmiljø med høg verneverdi kan det krevjast at
a dei samla negative miljøeffektane av materialane og bruken av bygget/ anlegget, sett i eit levetidsperspektiv skal leggjast fram som ein del av vurderingsgrunnlaget
b nybygg skal ha særskilt høg kvalitet i arkitektonisk utforming, tilpassing til situasjonen og materialbruk.
7.7 Føresegner og retningsliner til planar etter plan og bygningslova samt retningsliner for estetisk utforming av tiltak etter plan og bygningslova § , skal utformast slik at dei sikrar ei berekraftig forvalting av kulturminne og kulturmiljø.