Ny rettleiar og mal i kommunal planstrategi

Rettleiaren frå Miljøverndepartementet skal vere eit planverktøy kommunane kan bruke i arbeidet med kommunal planstrategi. I tillegg har Kommunenes Sentralforbund no utarbeidd ein mal for kommunal planstrategi.

 - Eit planverktøy i skreddarsaum

Rettleiaren vil vere eit planverktøy i arbeidet med kommunal planstrategi, som alle kommunar skal ha ferdig innan eit år.

- Vi oppmodar kommunane til å
bruke rettleiaren som ein hjelpemiddel til å skreddarsy den kommunale planstrategien, seier Marit Rødseth, plansjef i Hordaland fylkeskommune.

Innhald

Rettleiaren er delt inn i fem hovudkapittel

  • Kommunal planstrategi som verktøy
  • Nærare om lovbestemmelsen
  • Kommunal planstrategi og kommuneplanavdelinga
  • Forholdet mellom kommunal- og regional planstrategi og nasjonale forventingar
  • Det praktiske arbeidet med kommunal planstrategi

Målgruppe

Målgruppa for rettleiaren er i hovudsak alle kommunane som skal i gong med arbeidet med kommunal planstrategi. I tillegg vil fylkeskommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar som deltek i arbeidet med kommunal planstrategi ha nytte av rettleiaren. 

Mal for kommunal planstrategi

Kommunenes Sentralforbund (KS) har utarbeidd ein mal for å hjelpe kommunene  i arbeidet med kommunal planstrategi. Ved å velje kommune til høyre på nettsida http://planleggingsportalen.no/ kan ein laste ned ein ferdig disposisjon for kommunal planstrategi med grunnlagsdata for kommunen. Det vert automatisk importert tabellar og grafar på ca 30 indikatorar som vil vere eigna for å kommentere utviklingstrekk, utfordringer og muligheter mm. Kommunane kan sjølve velje ut dei elementa fra malen og dei data som er ønskjeleg.  

Relevante dokument og nettsider:

Rettleiar i kommunal planstrategi (Miljøverndepartementet)

Mal for kommunal planstrategi på http://planleggingsportalen.no/

Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging (Miljøverndepartementet)  

Regional planstrategi  

Om kommunal planstrategi på Hordaland fylkeskommunes sider 
Signe Vinje 19.10.2011 10:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart