Hordaland fylkeskommune tilbyr gratis utdanning på vidaregåande nivå innan yrkesfag og studiespesialiserande fag. Undervisninga er spesielt tilrettelagt for vaksne og kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse.
Opplæring for vaksne som startar hausten 2012:
Vi startar nye opplæringstilbod for vaksne innan yrkesfag og studiespesialiserande fag med oppstart i august / september 2012:
Kontakt våre Senter for voksenopplæring for informasjon og påmelding. Vi har ingen søknadsfrist, men ønskjer din påmelding snarast mogleg. Vaksne med vaksenrett blir prioriterte, andre kan delta viss det er ledig plass. Vi tek atterhald om at det melder seg nok søkarar.
Andre fag
Kontakt oss om du ikkje finn det opplæringstilbodet du ønskjer. Vi tilpassar opplæringa til din arbeids- og livssituasjon så langt mogeleg viss du har vaksenrett.
Undervisning for vaksne
Undervisninga rettar seg mot vaksne med vaksenrett. Opplæringa kan variere frå individuell rettleiing til større og meir tradisjonell utdanning, og skal så langt mogleg vere tilpassa den einskilde sin arbeids- og livssituasjon. Undervisninga er på deltid eller heiltid, tidspunkt og vekedag varierer mellom faga. Det er ein fordel om du har yrkeserfaring i det faget du søker opplæring i.
Høgare utdanning
Med fullført vidaregåande opplæring stillar du sterkare på arbeidsmarknaden, og kan søke høgare utdanning på fagskule, universitet eller høgskule. Les meir om opptakskrava for høgare utdanning: Vegen til høgare utdanning.
Eksterne lenker
Vidaregåande opplæring på vilbli.no
Studiekompetanse på Samordna opptak
30.03.2011 13:00