Profilbilde

Vaksne har rett til utdanning

Vaksne har rett til gratis og tilrettelagt vidaregåande opplæring, karriererettleiing  og vurdering av realkompetanse. Retten gjeld frå det året du fyller 25 år, dersom du ikkje har fullført slik opplæring tidlegare. Informasjon og rettleiing får du ved eit vaksenopplæringssenter.

Vilkår som gir rett til gratis vidaregåande utdanning:

  • Du har ikkje fullført vidaregåande utdanning
  • Du fyller 25 år eller er eldre
  • Du har fullført grunnskule eller tilsvarande
  • Du er busett i Hordaland fylke

Minoritetsspråklege må i tillegg ha gyldig opphaldsløyve.

Vaksne som ikkje fyller vilkåra kan få undervisning viss det er ledig plass.

Utdanning tilpassa vaksne

Utdanninga rettar seg mot vaksne med rett til gratis utdanning. Hordaland fylkeskommmune tilbyr utdanning på fleire fagområder lokalisert ved ulike vidaregåande skoler i fylket. Opplæringa kan variere frå individuell rettleiing til større og meir tradisjonell utdanning, og skal så langt mogleg vere tilpassa den einskilde sin arbeids- og livssituasjon. Undervisninga går normalt over ein dag i veka eller ein til to kveldar i veka. Vekedag og tidspunkt for kursa kan variere ut i frå deltakarane sine behov. Det er ein fordel om du har yrkeserfaring i det faget du søker opplæring i.

Din kompetanse

Realkompetanse er summen av den kunnskapen du har samla gjennom arbeid, fritid og utdanning.

Praksiskandidatordninga rettar seg mot vaksne som ønskjer å dokumentere kompetansen sin ved å avleggja ein fag- eller sveineprøve.

Vaksenopplæringssentra er servicesenter som kan vurdere din realkompetanse, gi gratis karriererettleiing og tilbod om teoriopplæring i lærefaga til vaksne med vaksenrett.

Lovfesta rett til utdanning

Opplæringsloven kapittel 4-A gir vaksne lovfesta rett til opplæring på grunnskule- og vidaregåande nivå. Hordaland fylkeskommune tilbyr vidaregåande opplæring. Kontakt din kommune for informasjon om undervisning på grunnskulenivå.

Høgare utdanning

Med fullført vidaregåande opplæring stillar du sterkare på arbeidsmarknaden, og kan søke høgare utdanning på fagskule, universitet eller høgskule.

Informasjon frå Hordaland fylkeskommune

Eksterne lenker

Foto i banner:
Håvard Sæbø, Sissel M. Rasmussen, Erlend Angelo, Tri Nguyen /LO Media

23.09.2010 10:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart