- Eg er sterk i trua på at det er mange framtidige helsefagarbeidarar som no får undervising, ikkje minst på grunn av at vi har styrka norskundervisinga det første året, og i tillegg gjort grunnopplæringa meir fleksibel, seier Mary Monsen, leiar for Senter for voksenopplæring ved Lønborg videregående skole.

Lærar Kari Willassen (venstre) saman med framtidige fagarbeidarar.
Monsen organiserar helsefagutdanninga for minoritetsspråklege, eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, NAV og Bergen Kommune. Norskundervisinga er styrka VG1, og i tillegg er grunnopplæringa meir fleksibel med tanke på vegen vidare. Når det er fullført får dei sjansen til å søkja seg vidare på VG2 for å starta på ei formell utdanning mot ei framtid som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar.
Populær utdanning
Vaksenopplæringssenteret på Lønborg organiserar også andre opplæringstilbod for vaksne innan helse og sosialfag. Om lag 100 vaksne elevar fekk opplæring i helsefag på Lønborg videregående skole i 2011, og nye kurs er i gang. 28 vaksne tok til med opplæring i helsearbeidarfaget i januar, medan 20 fekk plass på opplæring til barne- og ungdomsarbeid, men ventelista er lang: 60 vaksne, stod på ventelista til helsefagarbeid då undervisninga starta i januar, om lag 30 med vaksenrett. Samstudnes ventar 40 på plass i barne-og ungdomsarbeid, og ventelista aukar.
- Dei som ikkje har nok yrkeserfaring til å ta fagbrev blir råda til å skaffe seg relevant praksis i ventetida. Eg håpar også mange kan få plass på nye opplæringstilbod i haust, både på tradisjonell vaksenopplæring og nye opplæringstilbod for minoritetsspråklege, seier Monsen (bilete).
Internasjonalisering
- Lønborg vgs har lenge hatt eit særskilt fokus på internasjonalisering, både i form av elevmasse og prosjekt som vi engasjerar oss i. Og det er ingen tvil om at dei elevane du møter her i dag er med på å gjera skulekvardagen for oss alle mykje rikare, smiler Mary Monsen.
Les meir om helsefagarbeid for vaksne
Draumen er å bli jordmor