Draumen er å bli jordmor

På timeplanen står yrkesutøving innan helsefaget. Kontaktlærar Kari Willassen meir samtalar enn doserar med dei 14 studentane, og får betalt i form av ein fin dialog. Heilt bak i klasserommet sit Chidima Njoku Hagen. Med ein draum om ein dag å bli jordmor.


Chidima Njoku Hagen drøymar om ein dag å bli jordmor

- Ein skal setja seg store og utfordrande mål, smiler kvinna frå Nigeria. Ho kom til Noreg i 2003, etter å ha vore ein periode i Spania.
- Det gjorde godt med ein akklimatiseringsperiode på europeisk grunn. Eg trur overgangen rett frå Nigeria til Noreg kunne ha vorte i tøffaste laget, fortel Chidima, snur på hovudet og peikar på regnet som slår mot glaset bak ho.
I Spania møtte ho han som i dag er mannen hennar.
- Det var kjærleiken som førte meg til Bergen. Og no har vi ein familie på fem, strålar den tidlegare frisøren.

Samarbeidar tett

Vi er på vaksenopplæringsavdelinga på Lønborg vidaregåande skule. Hordaland fylkeskommune, NAV og Bergen kommune samarbeidar tett med å utdanna helsepersonell med innvandrarbakgrunn. Dei godt vaksne elevane på pultane framfor oss er midt i målgruppa. Fleire av dei gjer alt ein stor innsats som vikarar i kommunal helsesektor. Nokon av dei har gjerne arbeidd med helse- og sosialoppgåver i sitt tidlegare heimland, man manglar ei formell utdanning. På same viset som dei slit litt med norsken.
- Det går rimeleg greitt å snakka, men det er litt verre med skrivinga, seier Wanna Wanarak Røyrbotten. Ho kjem frå Thailand, men har budd på den heilt andre sida av jordkloden dei siste ti åra.

Ny framtid

- Eg har hatt mange ulike jobbar etter at eg kom til Bergen. Har jobba på hotell, sardinfabrikk på Askøy, vore pakkehjelp på Platou Sport og har ein lengre periode som reinhaldar i Bergen kommune bak meg. Har mellom anna vaska mykje på Rådhuset, forklarar Wanna (bilete). Problemet er berre at kroppen hennar ikkje har hatt så godt av jobben som reinhaldar. No ser ho heller for seg ei framtid som tilsett på ein sjuke- eller pleieheim. I fjor jobba ho ein god del på Frieda Fasmers Minne i Loddefjord.
- Det har så absolutt gjeve meirsmak. No satsar eg for fullt på å få meg ei formell utdanning som helsefagarbeidar, seier Røyrbotten som snakkar godt norsk.

Eit anna alfabet

- Det går greitt med snakkinga. Problemet er å skriva. Når du er van til eit heilt anna alfabet, er det ikkje alltid like enkelt å finna dei rette bokstavane. Heldigvis har vi veldig mykje skrivetrening. Det er også det einaste som nyttar, seier ei som i tillegg til å gå to dagar i veka på dagtid på Lønborg vgs, også tek ekstra norskundervisning på kveldstid på Bergen katedralskole.

Fleire utgangar

Gjengen vår held på med VG1 helsefag. Kor vidt dei endar opp som lærlingar eller praksiskandidatar er det framleis altfor tidleg å seia noko om. Men senterleiar Mary Monsen er sterk i trua på at det er mange framtidige helsefagarbeidarar som no får undervising av Kari Willassen.
- Ikkje minst på grunn av at vi har styrka norskundervisinga det første året, og i tillegg gjort grunnopplæringa meir fleksibel med tanke på vegen vidare, seier Monsen som leiar Senter for voksenopplæring ved Lønborg videregående skole.

Rikare kvardag

Gruppa med vaksenelevar på Lønborg har fått eit introduksjonskurs i regi av NAV. Når det er fullført får dei sjansen til å søkja seg vidare på VG1 for å starta på ei formell utdanning som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar.

- Lønborg vgs har lenge hatt eit særskilt fokus på internasjonalisering, både i form av elevmasse og prosjekt som vi engasjerar oss i. Og det er ingen tvil om at dei elevane du møter her i dag er med på å gjera skulekvardagen for oss alle mykje rikare, smiler Mary Monsen.
Smiler gjer også Helvi Shindondala frå Namibia (bilete). 33-åringen har berre vore i Noreg i fire år, og er glad det finst eit slikt skuletilbod som på Lønborg.
- Det viktigaste i min situasjon er å få norskkunnskapane på plass, og ikkje minst komme inn i eit godt miljø.

Fakta om helsefagutdanning for minoritetsspråklege

Nye utfordringar krev nye løysingar. Hordaland fylkeskommune, NAV og Bergen kommune samarbeider om å utdanne helsepersonell med innvandrarbakgrunn. NAV gir økonomisk støtte under opplæringa på Lønborg vidaregåande skule. Deretter får deltakarane læreplass i Bergen kommune. Norskundervisinga er styrka det første året, og i tillegg er grunnopplæringa meir fleksibel med tanke på vegen vidare. Dei seks første som fekk læreplass har fått fagbrev. I dag er det ca 12 lærlingar i faget. Dei fleste kombinerer jobb med utdanning.

 

Framtidige helsefagarbeidarar i RE-1112-1H. Første rekke frå venstre; Almzera Ghassan Rafiq, Al-Fahed Tawfiq, Shindoldola Helvi Ndeshihalela, Røyrbotten Wanna Wanarak, Villanueva Jovelyn Alviar og Nizigiymana Benigne. Bak frå venstre; Kari Willassen (kontaktlærar), Nur Luul Hassan, Hagen Chidima Njoku, Obie Voua Ornella, Keita Haddy, Baraka Grace Bahati, Habte Zenait, Bairooz Radja og Tin San. To elevar var ikkje tilstades; Vartanian Lida Nazarin og Iranzi Nicole.

21.02.2012 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart