Ofte stilte spørsmål

Her finn du ofte stilte spørsmål og svar om vaksenopplæring.
  1. Kva er vaksenopplæring?
  2. Kva er vidaregåande opplæring?
  3. Er opplæringa gratis?
  4. Kva er vaksenrett?
  5. Kan eg ta opplæring på deltid eller heiltid?
  6. Korleis søkjer eg plass, og når får eg svar på søknaden?
  7. Når startar utdanninga?
  8. Kva fag kan eg velje?
  9. Kva er generell studiekompetanse?
  10. Kva er 23/5-regelen?
  11. Kva er fagbrev og sveinebrev?
  12. Kva er yrkeskompetanse?
  13. Kva er ein praksiskandidat?
  14. Kva er full opplæring i bedrift?
  15. Korleis kan eg få læreplass?
  16. Kva er realkompetanse?
  17. Korleis får eg godkjent vidaregåande opplæring frå mitt heimland?
  18. Korleis kan eg finansiere opplæringa?
  19. Eg er vaksen og treng grunnskuleopplæring – kven skal eg kontakte? 
  20. Korleis kan eg undersøke om eg har dysleksi?
  21. Eg finn ikkje svar på det eg lurer på

1. Kva er vaksenopplæring?

Vaksenopplæring er opplæring spesielt tilpassa vaksne. Mange av opplæringstilboda er på deltid, og kan kombinerast med jobb og familie, som regel ein til to dagar i veka. Opplæringa skjer i grupper med andre vaksne viss det er nok deltakarar. Fylkeskommunen tilbyr opplæring på vidaregåande nivå innan yrkesfag og studiespesialiserande fag, medan kommunane tilbyr grunnskuleopplæring.

2. Kva er vidaregåande opplæring?

Etter fullført grunnskoleutdanning kan du ta vidaregåande opplæring innan yrkesfag eller studiespesialiserande fag. Opplæringa kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse innan eit yrke, eller studiekompetanse. Studiekompetanse gir grunnlag for opptak i høgskule eller universitet. Eit fagbrev kan kvalifisere til fagskoleutdanning.

3. Er opplæringa gratis?

Hordaland fylkeskommune tilbyr gratis vidaregåande opplæring for vaksne. Vaksne med vaksenrett blir prioriterte. Andre kan få plass viss det er ledig kapasitet.

4. Kva er vaksenrett?

Vaksne har rett til gratis vidaregåande utdanning og karriererettleiing frå det året dei fyller 25 viss dei ikkje har fullført slik utdanning tidlegare. Dette gjeld og viss du manglar karakterar for å få fullt vitnemål. Minoritetsspråklege må i tillegg ha godkjent opphaldsløyve.

5. Kan eg ta opplæring på deltid eller heiltid?

Vaksenopplæringa har fleire deltidstilbod med undervisning ein til to gonger i veka. Dei fleste er på dagtid, men vi har og tilbod på kveldstid. Vi har og utdanningstilbod på heiltid. Kontakt ditt næraste Senter for voksenopplæring for meir informasjon.

6. Korleis søkjer eg studieplass, og når får eg svar på søknaden?

Du kan søke plass gjennom vigo.no eller ved å fylle ut eit søknadsskjema som du finn på heimesida til dei ulike Senter for voksenopplæring. Innan fire veker skal du få svar på at søknaden er motteken og ei stadfesting om du har vaksenrett eller ikkje. Vaksne med vaksenrett blir prioriterte på våre opplæringstilbod. Vaksne utan rett får plass når vi har ledig kapasitet, og må rekne med at det kan ta litt tid å avklare dette.

7. Når startar utdanninga?

Dei fleste opplæringstilboda startar i august, nokre fagtilbod startar i januar. Det kan vere unnatak for dette.

8. Kva fag kan eg velje?

Vaksenopplæringa tilbyr teoriopplæring innan studiespesialiserande fag eller yrkesfag. Opplæringa kan føre fram til studiekompetanse, fagbrev eller yrkeskompetanse.

9. Kva er generell studiekompetanse?

Generell studiekompetanse gir rett til å søke opptak ved universitet eller høgskule. Du må oppfylle krav til utdanning / praksis og bestemte fag for å oppnå generell studiekompetanse
Vaksne kan òg søke opptak i universitet og høgskuler etter 23/5-regelen frå det året dei fyller 23. Meir informasjon om dette finn du på samordna opptak.

10. Kva er 23/5-regelen?

Frå det året du fyller 23 år kan du oppnå studiekompetanse etter 23/5-regelen. Du må då dokumentere minst 5 års heiltids yrkespraksis/utdanning. I tillegg må du oppfylle seks obligatoriske fagkrav: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, historie og samfunnsfag. Alle faga må dokumenterast på kompetansebevis eller vitnemål.

11. Kva er fagbrev og sveinebrev?

Fagbrev og sveinebrev er eit dokument på at du har fullført ei yrkesutdanning. I dei tradisjonelle handverksfaga heiter dette sveinebrev, medan du kan ta fagbrev eller yrkeskompetanse i dei andre lærefaga.
Det er fleire veger til fag- / sveinebrev. For vaksne kan praksiskandidat vere vegen å gå. Då er du friteken for krava om bestått fellesfag, men må bestå ein eigen eksamen for praksiskandidatar før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve. Vaksenopplæringa tilbyr teoriopplæring til fagbrev/sveinebrev. Eit fagbrev kan og kvalifisere til fagskuleutdanning.

12. Kva er yrkeskompetanse?

Yrkeskompetanse oppnår du når du har utdanna deg innan eit yrke. I nokre lærefag oppnår du dette utan å kunne ta fag-eller sveinebrev. Dette gjeld til dømes helseservicefaga (apotekteknikar, helsesekretær og tannhelsesekretær).

13. Kva er ein praksiskandidat?

Praksiskandidat er eit tilbod for vaksne som ønskjer å ta fag-/ sveinebrev innan eit lærefag, og passar godt for deg som har praksis frå eit yrke du ønskjer å ta fag-/ sveinebrev i. Praksisen må dekkje dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen i faget og vere dokumentert. For dei fleste fag er praksistida fem år, 25 prosent lengre enn vanleg læretid. Vaksenopplæringa tilbyr teoriopplæring til ein eksamen som må vere bestått før du melder deg opp til fag- /sveineprøva.
Du kan melde deg opp til teoretisk eksamen som privatist og kontakte fagopplæringa for oppmelding til fagprøve og vurdering av praksis.
Les meir om praksiskandidatordninga.

14. Kva er full opplæring i bedrift?

Opplæringslova opnar for å teikne opplæringskontrakt slik at all opplæring vert gjennomført i bedrift. I praksis vert dette løyst ved at den praktiske opplæringa vert gjennomført i bedrifta, medan fylkeskommunen normalt har ansvar for teoriopplæringa. Denne vert gjennomført i eigne lærlinggrupper. I fellesfaga er teorikrava dei same som for lærlingar i 2+2-løpet. I lærefaget går lærlingen opp til ein sentralt gitt teorieksamen på Vg3 nivå.

15. Korleis kan eg få læreplass?

Vaksne må på eigenhand skaffe seg arbeid eller læreplass som er relevant for den opplæringa dei ønskjer viss dei ikkje har tilstrekkeleg arbeidspraksis frå før. Fagopplæringskontoret har laga ei liste over lærebedriftar som er aktuelle for å ta inn lærlingar. Bedriftene vel sjølv om dei vil ta inn lærlingar og kven dei vil tilsette.

16. Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom løna eller uløna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring eller på anna vis. Vaksenopplæringssentra kan vurdere din realkompetanse og gi deg eit kompetansebevis.
Du kan og søke om opptak på høgare utdanning på grunnlag av realkompetanse, då er det utdanningsinstitusjonen du søkjer opptak hos som vurderer realkompetansen din. Samordna opptak informerer om realkompetanse i høgare utdanning

17. Korleis får eg godkjent vidaregåande opplæring frå mitt heimland?

Utanlandske statsborgarar som vil ha vurdert fagutdanninga si frå heimlandet, må ta kontakt med Fylkesmannen. Sjå elles sidene til INVIA/NOKUT:.

18. Korleis kan eg finansiere opplæringa?

Vaksenopplæringa har utdanningstilbod på deltid, ein til to gonger i veka. Det er dermed mogeleg å kombinere utdanning og jobb. Du kan og søke finansiering hos statens lånekasse for utdanning. Vaksne som får stønad frå NAV må undersøke med sitt NAV-kontor om stønaden held fram under opplæring.

19. Eg er vaksen og treng grunnskuleopplæring – kven skal eg kontakte?

Vaksne som ikkje har fullført grunnskole har rett på gratis grunnskoleopplæring. Kontakt din kommune for meir informasjon om dette.

20. Korleis kan eg undersøke om eg har dysleksi?

Vanligvis er det ein logoped som kan undersøke og slå fast om ein person har dysleksi (lese- skrivevanskar). Elevar som tek vidaregåande opplæring hos vaksenopplæringa har ikkje rett til spesialundervisning, og dermed heller ikke utreiing for dysleksi. Elevane har derimot rett på tilpassa opplæring. Dersom du ønsker attest/utreiing for dysleksi kan du undersøke med kommunen din. Les meir om dysleksi og vaksenopplæring.

21. Eg finn ikkje svar på det eg lurer på

Viss du har andre spørsmål om vaksenopplæringa vil vi gjerne høyre frå deg.

Skriv ditt spørsmål om vaksenopplæring og send til oss

 

Kontakt vaksenopplæringa:

Telefon 55 23 92 30
Epost: vo@hfk.no

14.12.2011 15:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart