Profilbilde

Minoritetsspråklege

Dersom du ikkje har eitt av dei skandinaviske språka som morsmål blir du rekna som minoritetsspråkleg.

For å ha rett til videregåande opplæring og realkompetansevurdering, må du ha gyldig opphaldsløyve i Noreg. Elles gjeld dei same lovar og reglar for vaksne minoritetsspråklege som for vaksne norskspråklege.

Undervisning på norsk

All undervisning er på norsk. Du må derfor snakke og forstå norsk for å  følgja undervisninga. Kontakt grunnskuleopplæringa for vaksne i din kommune for meir informasjon om norskopplæring.

Vurdere realkompetanse

Viss du vil bruke yrkeserfaring eller vidaregåande utdanning frå heimlandet ditt må du ha godkjent dokumentasjon på norsk eller engelsk. Har du ikkje slik dokumentasjon kan du få realkompetansen din vurdert ved eit vaksenopplæringssenter.

Høgare utdanning

Dersom du har høgskule eller universitetsutdanning frå eit anna land, har du ikkje rett til vidaregåande opplæring. Du kan eventuelt få utdanninga di vurdert ved Samordna Opptak, eller ved høgskulen / universitetet du ønskjer å søkje på.

Likestilling av utanlandsk fagutdanning med norsk fagbrev

Utanlandske statsborgarar som vil ha vurdert fagutdanninga si frå heimlandet, kan ta kontakt med Fylkesmannen i Hordaland.
Du kan og kontakte eit vaksenopplæringssenter for meir informasjon.

Eksterne lenker 

Veien til godkjenning av utenlandsk utdanning, NOKUT

Foto i banner:
Håvard Sæbø, Sissel M. Rasmussen, Erlend Angelo, Tri Nguyen /LO Media

05.10.2010 13:57
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart