Spesielle skoletilbod

Studiespesialisering over to år på Bergen Handelsgymnasium
Dette er eit særs krevjande tilbod og tilpassa spesielt motiverte elevar med stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig. Snittkarakteren frå ungdomsskulen bør vere minst 4,5, men unntak kan gjerast i særlege høve.

International Baccalaureate (I.B.) på Bergen Katedralskole
International Baccalaurete er ein internasjonalt godkjent studenteksamen med tilbod ved ca 300 skolar i over 50 land. Dette tilbodet er først og fremst for ungdom frå internasjonalt mobile familiar, både norske og utanlandske.

Toppidrett (Olympiatoppen Vest-Norge)ved Tertnes videregående skole
Dette tilbodet er retta mot elevar som ønskjer å satse for fullt på idretten sin. For å søkje her må du vere ein av dei beste i din årsklasse i den idretten du driv. Tilbod om plass blir gitt for eitt år om gongen.

Teknologilina ved Sotra vidaregåande skule
Dette tilbodet gir deg spesialisert utdanning innanfor teknologiske fag som fører fram mot arbeid som ingeniør, sivilingeniør eller andre tekniske/naturvitenskaplige jobbar. 

TAF
Denne utdanninga fører i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Dei to første åra har du status som elev, og går tre dagar på skole og arbeider to dagar i bedrift. Dei to siste åra har du status som
lærling med lærekontrakt. Tredje året er fordelinga mellom skole/bedrift som i dei to første, medan du er i bedrift 3 dagar i veka det siste året.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med den enkelte skolen eller med Inntakskontoret  på 55 23 94 60

10.01.2012 14:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart