Søknad om inntak for elevar med behov for særskilt tilrettelegging, skoleåret 2012/2013

Som hovudregel skal søknad om inntak på særskilt grunnlag sendast gjennom ein av følgjande instansar:

  • ungdomsskolen der søkjaren er elev inneverande skoleår
  • den vidaregåande skolen der søkjaren er elev inneverande skoleår
  • Oppfølgingstenesta/PPT for søkjarar som ikkje er elevar inneverande skoleår
  • Kommunale PPT-kontor eller andre offentlege instansar, som t.d. Barneverntenesta

Ofte vil innsending av denne typen søknader vere eit samarbeid mellom fleire instansar, men ein av dei ovannemnde må vere formell søkjarinstans, ma. i høve til kontaktperson for søknaden.

Alle søknader må vere vedlagt sakkunnig vurdering frå PPT
Dersom dette manglar kan søknaden ikkje behandlast.

Meir informasjon om m.a. kven som kan søkje på dette grunnlaget og kva skolar som har særleg tilrettelagte tilbod finn du i informasjonskatalogen for inntak av elevar med behov for særskilt tilrettelegging eller ved å vende deg til Opplæringsavdelinga.

Ein kan registrere søknad på www.vigo.no

SØKNADSFRIST: 1. FEBRUAR (Ordinær søknadsfrist til vidaregåande skolar i Hordaland er 1.mars)  

Kontaktinformasjon i Hordaland fylkeskommune

• Telefon:  55 23 92 30 v/Petter Tønjum/Akylina Samara
• E-post:   inntak@hfk.no
• Besøksadresse:  Agnes Mowinckelsgate 5, Bergen
• Postadresse: Hordaland fylkeskommune, Opplæringsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen
 

04.01.2012 10:31
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart