For skuleåret 2012 til 2013 gir Hordaland fylkeskommune elevane høve til å ta heile Vg2 på eitt av fem stader i utlandet. Tre av tilboda er for elevar på studiespesialiserande program og to av tilboda er for elevar på yrkesfagleg program. Dei ulike ”utanlandsklassane” koordinerast av ulike skular i Hordaland. Nedanfor kan du lese meir om dei einskilde tiboda, i tillegg til fellesinformasjon som gjeld alle.
Skuleår i Tyskland gjennom Askøy vidergåande skuleSøkjarar som har tatt Vg1 Elektrofag og som ønskjer å gå på Vg2 Data og elektronikk, El-energi og Automatisering kan søkje på dette.
Skuleår i Wales gjennom Knarvik vidergåande skuleDette tilbodet rettar seg mot elevar som går Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram.
Skuleår i Usa gjennom Øystese gymnasHar du Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram kan dette vere noko for deg.
Skuleår i Ungarn gjennom Voss jordbruksskuleTilbodet gjeld søkjarar med Vg1 Naturbruk med hestefag eller Vg1 Naturbruk som søkjer Vg2 Heste- og hovslagerfag ved Voss jordbruksskule som ønskje 1.
Skuleår i Frankrike gjennom Voss gymnas Dette er for elevar som går Vg1 studiespesialiserande utdanningsprogram.
Generell informasjon om tilbod i utlandetHar du spørsmål kan du ta kontakt med den enkelte skolen eller med Inntakskontoret på 55 23 94 60
Skoleår i utlandet?_____________________________
Opplæring for vaksneOppstart i august_____________________________