Opplæringsrett

Ungdomsrett

Etter fullført ungdomsskole har alle elevar rett til tre års vidaregåande opplæring. Retten må takast ut innan fem etter at du har byrja i vidaregåande skole, men du kan likevel ikkje ha Ungdomsrett lenger enn til det kalenderåret du fyller 24 år.  Ved skifte av utdanningsprogram i Vg1 eller programfag i Vg2 vil opplæringsretten bli automatisk utvida med eitt år.  Etter søknad kan opplæringsretten utvidast med inntil to år, og fristen for å ta ut retten med inntil tre år.  Ved inntak til vidaregåande skolar blir søkjarar med Ungdomsrett prioriterte.  Du har opplæringsrett i Hordaland dersom du står registrert i folkeregisteret i vårt fylke pr. 1.mars i søknadsåret. Unntak gjeld for søkjarar som kan dokumentere at dei flytter saman med foreldre til Hordaland, eller at ein av foreldra har folkeregistrert adresse i Hordaland.

Vaksenrett

Alle som er 25 år eller eldre, og ikkje har fått fag-/yrkes-/studiekompetanse tidlegare, har rett til vidaregåande opplæring for å få slik kompetanse. Opplæringa for vaksne blir i stor grad gitt som tilpassa opplæring for denne elevgruppa.  Det kan likevel søkjast om inntak i ordinære klassar ved dei vidaregåande skolane.  Ved inntak blir denne gruppa prioritert etter søkjarar med Ungdomsrett ( sjå ovanfor).  Vaksenretten er ikkje tidsavgrensa

Fullføringsrett

Dette gjeld alle som ikkje lenger har Ungdomsrett eller Vaksenrett, men som har har byrja på ei ny vidaregåande utdanning.  Ved inntak blir denne gruppa prioritert etter søkjarar med Ungdomsrett og Vaksenrett, dvs. prioritet 3 i inntaket.

Søkjarar som ikkje har ein av dei tre rettane ovanfor kan bli tatt inn til ordinær vidaregåande opplæring dersom det er ledige plassar, dvs. prioritet 4 i inntaket .

Du kan finne meir informasjon om dette på vilbli.no 

10.01.2012 09:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart