Lovgrunnlag

§ 3-6 Opplæringslova

Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1, og som ikkje er i opplæring eller i arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter § 3-8 eller § 4-6.

Departementet gir forskrifter om oppgåvene til oppfølgingstenesta.

Merknader (frå Ot prp nr 57 2004-05)

Føresegna inneber i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett. Etter gjeldande rett skal fylkeskommunen ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1, noko som inneber eit pålagt ansvar for fylkeskommunen fram til ungdommen er omlag 21 år. Fylkeskommunens oppfølgingsteneste skal ikkje utvidast tilsvarande utvidinga av ungdomsretten, jf. § 3-1 tredje ledd.

Forskrift til Opplæringslova

§13-1 Formålet med oppfølgingstenesta er ungdom som er å sørgje for at all ungdom som høyrer til målgruppa, jf. § 13-2, får tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetjing. Tilbod som blir formidla gjennom oppfølgingstenesta, skal primært ta sikte på å føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå innanfor vidaregåande opplæring. Oppfølgingstenesta kan også arbeide for å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring gjennom samarbeid med rådgivingstenesta i grunnskole og vidaregåande opplæring.

§13-2 Målgruppa for oppfølgingstenesta er ungdom som er omfatta av den lovfesta retten til vidaregåande opplæring, og som det aktuelle skoleåret

  • ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass, eller
  • avbryt slik opplæring, eller
  • ikkje er i arbeid, eller
  • har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising med heimel i Opplæringslova § 3-8 eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt i samsvar med Opplæringslova §4-6.

§13-3 Oppgåver 

Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta sørgje for

  • å ha oversikt over målgruppa som er definert i § 13-2 at det blir teke kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa
  • at alle i målgruppa får tilbod om rettleiing
  • at alle i målgruppa får tilbod i samsvar med §13-1 å ha oversikt over aktuelle tilbod for målgruppa og
  • å følgje opp ungdom som har teke imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta.

Ungdom som ikkje tek imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta, og som ikkje er i utdanning eller arbeid, skal kontaktast og få tilbod kvart skoleår så lenge dei er omfatta av retten til vidaregåande opplæring.

§13-4 Samarbeid og samordning 

Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa, og formidle, eventuelt samordne, tilbod frå ulike instansar. Aktuelle instansar for samarbeid er særleg grunnskolane og dei vidaregåande skolane og rådgivarane der, den pedagogisk-psykologiske tenesta, opplæringsadministrasjonen i fylkeskommunen, arbeidsmarknadsetaten og sosial- og helseetaten.

Opplæringslova § 5-6 Pedagogisk-psykologisk teneste 

Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.

Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

§5-3 Sakkunnig vurdering

Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1 eller § 5-2, eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast. Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til

  • eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
  • lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa
  • realistiske opplæringsmål for eleven
  • om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet
  • kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om den sakkunnige vurderinga.

Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter §§ 5-1, 5-2 og 5-7

31.07.2007 17:56
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart