Regjeringa vil dei neste tre åra leggje til rette for ei storstilt satsing for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring gjennom partnarskapet i Ny GIV.
Prosjektet er delt i tre delar, der dei to første blir gjennomført av fylka:
- Overgangsprosjektet
- Oppfølgingsprosjektet
- Teljeprosjektet
- Samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar som skal betre elevane sine føresetnader for å gjennomføre vidaregåande opplæring.
- Dette skjer mellom anna gjennom intensiv opplæring av grunnleggjande lese-, skrive- og rekneferdigheiter. Ordninga startar etter jul i 10. trinn og blir vidareført etter behov i vidaregåande opplæring.
-
Ny GIV for alle
-
Ei varig og samordna oppfølging av unge utanfor opplæring og arbeid. Målgruppa er både dei som er i ferd med å slutte og dei som har vore utanfor ein periode. I partnarskapen inngår skular, oppfølgingsteneste, fagopplæring og NAV.
- Felles mål for å betre gjennomføringa av vidaregåande opplæring – og eit felles data- og statistikkgrunnlag for å vurdere måloppnåinga.