Satsing mot fråfall er forankra i heile utdanningssystemt. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har uttalt at det er den største utfordringa i vår tid.
I Hordaland har vi gjennom fleire år sett av midlar til arbeidet. I styringsdokument 2010-2011 er hovudmålet ”auka læringsutbyte og fullføring”
Resultatmål i fylkesbudsjettet er:
- Redusere del elevar med ikkje greidd i matematikk, kroppsøving og naturfag med 5 %.
- Redusere bortvalet ved dei vidaregåande skulane med 5 %.
- Redusere talet på lærlingar som ikkje greier fagprøven med 5 %.
- Betre resultatet på spørsmål om fagleg rettleiing i elevundersøkinga med 5 % over nivået i 2010.
I 2011 er det sett av kr 4,5 mill i fylkesbusjettet til satsinga for auka fullføring. I tillegg får vi midler fra sentralt hald som skal nyttast til finansjering av prosjektleiar og tiltak i samband med gjennomføring av prosjektet Fleire Fullfører/Ny GIV.
Ny GIV styrkjer arbeidet igangsett i prosjektet Fleire Fullfører og omfattar 8 grunnskular og 5 videraregaånde skulaer i Bergen kommune. Prosjektet Ny GIV varar til 2013.
Satsingsområde i 2010-12