Tilrettelagd eksamen

Privatist/tilrettelegging

SØKNADSSKJEMA (Word-format)

SØKNADSSKJEMA (PDF-format)

Fristen for å søkje om tilrettelegging er 1.mars (våreksamen)/ 1.oktober (hausteksamen). Det må søkjast på nytt og leverast ny dokumentasjon for kvar eksamensperiode.   

Hugs at du må melde deg opp til sjølve eksamen via privatistweb

Har du behov for spesiell tilrettelegging ved eksamen?
Dersom du har ulike vanskar/funksjonshemmingar som gjer det nødvendig med spesiell tilrettelegging ved eksamen, har du rett til det.

Du må då sende inn ein søknad om tilrettelegging der det går klart fram kva du ber om. Dokumentasjon frå sakkunnig instans må leggast ved. Søknaden sender du til Hordaland fylkeskommune, Eksamenskontoret, Postboks 7900, 5020 Bergen eller på epost til eksamen@post.hfk.no

Dokumentasjon som grunnlag for sakkunnig vurdering skal vere skriven ut av:

·        lege når det gjeld vanskar/funksjonshemmingar av fysisk art

·        pedagogisk psykologisk teneste (ppt) eller logoped MNLL (medlem i Norsk Logopedlag) når det gjeld lese- og skrivevanskar o.l.

·        faglærar ved vurdering av dugleiken i språk hos framandspråklege

·        eventuelt andre i spesielle tilfelle 

Uttale frå sakkunnig instans må tilrå innhaldet i den spesielle tilrettelegginga.

Spesiell tilrettelegging ved eksamen kan til dømes vere:

·        forlenga tid

·        opplesing av oppgåva

·        eige rom til disposisjon

·        for hørselshemma kan lytteprøver i framandspråk erstattast med lesing av ukjend tekst  

·        framandspråklege kan nytte tospråklege ordbøker i alle fag (treng ikkje søkjast om)

 

Dersom du har spørsmål om spesiell tilrettelegging ved eksamen, ta kontakt med Eksamenskontoret.

 

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart