Sensur for eksamen om våren vil for fag i almennfagleg/studiespesialisering vere klar i slutten av juni og brev om karakterar vert sendt ut før 1.juli. Yrkesfaga vil vere klar noko seinare.
Om hausten vil sensuren for dei fleste eksamenane vere klar i starten av januar, og resultata vert i hovedsak sende ut innan 15. januar.
VIKTIG!
Eksamenskontoret opplyser ikkje om resultat over telefon eller epost.
Klage på karakter
Om du meiner det er gjort feil, kan du klage på eksamen. Det er ulike reglar for klageordninga om du har teke munnleg eller skriftleg eksamen.
Berre skriftlege klager som er sende innan fristen, vert handsama. Vi sender ut svar på klagene så snart vi mottek svar frå klagenemndene.
Kven kan klage (§ 5-2 i forskrift til Opplæringslova)
Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar eller dei desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldre til umyndige elevar, lærlingar eller privatistar har sjølvstendig klagerett. Ein elev under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra.
Klagar frå andre enn desse vil ikkje bli handsama