Alle leselister skal merkast med namn og personnummer og sendast til eksamen@post.hfk.no eller Hordaland fylkeskommune, Eksamenskontoret, Postboks 7900, 5020 Bergen.
|
Frist for innlevering av leselister er 1.oktober/1.mars. Alle leselister må innehalde namn, personnr og fagkode. Eksamenskontoret kontrollerer ikkje leselistene, det er privatisten sitt ansvar at leselistene er i samsvar med måla i læreplanen for det aktuelle faget. |
Språkfag
Det er krav om leseliste til munnleg eksamen i alle språkfag, også norsk. Leselista skal innehalde informasjon om kva læreverk du har nytta i førebuinga til eksamen og opplysningar om eventuelle fordjupingsemne, film, roman, teaterstykke o.l. Leselista må samsvare med krava du finn i læreplanen for faget. Den vert ikkje kontrollert av eksamenskontoret. Dersom leseliste ikkje er levert innan fristen, vert eksamenskontoret sitt forslag til leseliste nytta.
REL1001 Religion og etikk
Det er krav om leseliste i dette faget (nytt f.o.m våren 2011).
Geofag: REA3008 og REA3010
I geofag skal du ha eit fordjupningsemne innan det hovudområdet i læreplanen som heiter Geoforskning. Du må førebu deg på å snakke om emnet i ca.10 min. under eksamen. Du kan nytte powerpoint eller liknande under presentasjonen. Det er viktig at du gjer greie for kva kjelder du har brukt.
For at eksaminator og sensor skal kunne førebu seg på det emnet du fordjupar deg i, må du på førehand sende inn kva for fordjupningsemne du har valt, og ei konkret problemstilling for emnet. Dette må sendast til eksamenskontoret innan 1.mars/1.oktober.
Dersom du møter til eksamen uten å ha førebudd eit fordjupningsemne, vil det få konsekvensar for eksamensresultatet.
Forslag til leselister til fag i Kunnskapsløftet (Word-format, NY VERSJON 23.01.12)
Forslag til leselister til fag i Kunnskapsløftet (PDF-format, NY VERSJON 23.01.12)