VIKTIGE MELDINGAR
Kandidatar som skal ha skriftleg eksamen i Kunnskapsløftet (med nokre unntak), kan bruke PC på eksamen dersom dei ønskjer det. Eigen berbar PC med nettverkskort og eigen minnepenn må takast med. Nettlesaren må vere enten Explorer eller Firefox. Kandidaten må kunne bruke word og excel, kunne lage topptekst og botntekst, kunne lagre heile eksamenssvaret i ei fil, i Word- eller pdf-format og kunne lagre på minnepenn.
I fag der det er restriksjonar på bruk av hjelpemiddel, gjeld desse.
TILLETNE HJELPEMIDDEL
For dei sentralt gjevne eksamenane i Kunnskapsløftet (ikkje flyfaga) gjeld desse reglane.
For flyfaga gjeld desse reglane.
I skriftleg del av eksamen i NAT1002 er det berre tillete å bruke skrivesaker, passar, linjal og vinkelmålar.
For lokalt gitt eksamen i yrkesfaglege utdanningsprogram i Kunnskapsløftet (med nokre unntak, sjå under), er alle hjelpemiddel tilletne utanom Internett og andre verktøy som tillet kommunikasjon. NB! Her kan det kome fleire unntak.
UNNTAK:
Hjelpemiddel i MAT1001 og MAT1006
Del 1 – Skrivesaker, passar, linjal og vinkelmålar er tillatt. Det vert forutsett at kandidaten kan følgjande formlar til del 1: MAT1001 MAT1006
Del 2 – Alle hjelpemiddel er tillatne, med unntak av Internett eller andre verktøy som tillet kommunikasjon.
Hjelpemiddel i MUS2005:
Notatar avgrensa til to A-4 sider
Hjelpemiddel i IDR2004/IDR2011 (todelt eksamen):
del 1: uten hjelpemiddel
del 2: alle hjelpemiddel med unntak av internett og andre verktøy som tillet kommunikasjon.
For munnlege eksamenar er alle trykte og skrivne hjelpemiddel tilletne under førebuingstida (20 - 30 minutt). Notatar frå førebuingstida kan takast med til den munnlege eksaminasjonen.