Fredag 17. februar blir den nye smådyravdelinga på Stend vidaregåande skule base for sendinga til Norge rundt. Ein heil dag denne veka har NRK vore på skulen og gjort opptak. Søndag inviterer Stend til open skule.
Programleiar Vibeke Lund Pettersen og eleven Stine Elise Økland Møster.
Binde saman innslaga
NRK-teamet har, saman med elevar og lærarar, brukt ein heil dag til å filme livet på den nye smådyravdelinga ved Stend vidaregåande skule. Materialet skal binde saman resten av innslaga i løpet av sendinga. Skulen er svært stolt over denne sjansen til å vise fram det flottaste smådyranlegget i landet. Sendinga startar kl. 19.40 på NRK1.
Open dag for alle inetersserte
Førstkommande søndag mellom klokka 11 og 15 vil avdelinga vere open for familiane til elevane ved skulen. Stend vidaregåande skule inviterer samstundes alle andre interesserte til å komme på besøk.