Motsett veg
Rektor Nordbotn er svært nøgd med resultatet til Ny Giv-elevane. Vanlegvis går karakterane litt ned det første året på vidaregåande skule enn siste året på ungdomsskulen. Men elevane på Ny Giv i Fyllingsdalen går motsett veg.
Snittkarakteren gjekk opp
– Elevane vi har på Ny Giv gjekk på eit intensivkurs siste halvåret på ungdomsskulen. Vi har målt karakterane dei fekk når dei gjekk ut av ungdomsskulen i fjor sommar og etter det første halvåret på vidaregåande. Snittkarakteren for Ny Giv-elevane hos oss viser at den har gått opp frå 3,16 til 3,32, seier Nordbotn.
Lesing er viktig
Rektor Nordbotn meiner det er fleire årsaker til framgangen.
– Elevane møtte to dagar før skulestart. Vi har satsa på eigne Ny Giv-lærarar, to på lesing og skriving, og to på rekning. Lesing er viktig ikkje berre for å forstå litterære tekstar, men og andre fag som naturfag. Lærarane har gått på kurs og utvikla eige undervisingsmateriell. Vi gjennomfører ein viss struktur på undervisinga. Dette har motivert elevane og dei har heva seg, seier rektor Per Morten Norbotn.
Pilotprosjekt
Ny Giv starta som eit pilotprosjekt i fjor vår for 88 elevar ved 13 skular i Bergen, åtte grunnskular og fem vidaregåande skular. Prosjektet skal betre overgangen til elevane frå grunnskule til vidaregåande skule. Målgruppa er dei 10 prosent svakast presterande elevane.
Skal minke fråfallet
Ny Giv har som mål å minke fråfallet i den vidaregåande opplæringa. Ved å tilby intensiv opplæring i grunnleggjande lesing, skriving og rekning skal elevane få eit fagleg og motiverande løft. Prosjektet er nasjonalt og har topp prioritet av regjeringa.
Frå 1. februar vart prosjektet utvida til 82 skular i Hordaland med 400 elevar. I 2013 når alle elevar i målgruppa i Hordaland skal få tilbodet, skal eit varig samarbeid mellom ungdomsskulen og den vidaregåande skulen vere etablert.
Auka motivasjon
Knud-Erik Gissel er prosjektleiar for Ny Giv i Hordaland fylkeskommune.
– Ny Giv-elevane har fått auka motivasjon. Det er uvanleg at elevar som kjem ut frå ungdomsskulen gjer det betre det første halvåret på vidaregåande skule. Vanlegvis ser vi ein liten nedgang karaktermessig, seier Knud-Erik Gissel.
Møte med ministeren
Tysdag 7. februar møtte ein delegasjon frå Hordaland fylkeskommune, med fylkesvaraordførar Mona Hellesnes i spissen, kunnskapsminister Kristin Halvorsen i Bergen. Dette var eit dialogmøte om Ny Giv der dei fem fylka langs kysten frå Sogn og Fjordane til Aust-Agder møtte ministeren.
Meir om Ny Giv og satsinga mot fråfall i den vidaregåande skulen i Hordaland