
Frå workshopen i Finland i januar: Kvar dag var halvparten av tida sett av til gruppearbeid og diskusjonar. Frå venstre: Karl Erik Christiansen og Turid Bådsvik Hauso (begge frå Odda) og Felizitas Wedenig (Austerrike). (Foto: Eva Melvær Langaas)
Samarbeid mellom fem land
Odda vidaregåande skule har dei siste åra jobba mykje med entreprenørskap. For eitt år sidan vart skulen med i eit europeisk samarbeidsprosjekt om korleis ein på best mogleg måte kan stimulere til næringsutvikling og nyetableringar. Dette er eit såkalla Leonardo-prosjekt støtta av EU, der land som Tyskland, Slovenia, Austerrike og Finland er med, i tillegg til Hordaland fylkeskommune og Odda vidaregåande skule. Høgskulen i Bergen leiar prosjektet.
Lære av kvarandre
Prosjektet tek føre seg entreprenørskapsutdanning på ulike nivå, i tillegg til leiing og drift av inkubatorar. Målet er å lære av kvarandre, og gjennom å sjå på ulike måtar å løyse utfordringane på, utvikle eigen praksis.

Presentasjon: Austerrike, Tyskland og Noreg samarbeidar om optimale løysingar, i god europeisk ånd. Frå venstre: Theresia Müller (Austerrike), Monica Seiffert (Tyskland) og Turid Bådsvik Hauso (Odda).
Look to Odda
Ved Odda vidaregåande skule er dette ein del av ei større satsing som dei har kalla Look to Odda. For elevinspektør Turid Bådsvik Hauso er det å betre den pedagogiske kvaliteten i skulen som er hovudmotivasjonen for å drive med entreprenørskap i undervisninga.
Flinkare til å planlegge
– Entreprenørskap er ein veldig god metode, som kan brukast for å lære om mange ulike tema. Mellom anna får elevane fleire verktøy som kan bidra til å gjere dei flinkare til å planlegge og regulere eige arbeid og eiga læring, seier elevinspektør Turid Bådsvik Hauso.
Har fått mange nye idear
Spesialrådgivar Torill Monstad ved næringsseksjonen til regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune seier det er utruleg lærerikt å få sjå korleis andre institusjonar og andre land løyser mange av dei same utfordringane som Hordaland står overfor. Ho arbeider blant anna med entreprenørskap og innovasjon, og har fått mange nye idear etter å ha deltatt i prosjektet. Frå Hordaland fylkeskommune er også Eva Melvær Langaas frå opplæringsavdelinga deltakar.

Alvar Aalto: Eva Melvær Langaas, Hordaland, (f.v.) og Monica Seiffert, Tyskland, framfor rådhuset, ein av dei mange bygningane i Seinäjoki, Finland, teikna av den kjente designaren Alvar Aalto.
Avslutning i Odda
Så langt har det vore fire samlingar for deltakarane i Leonardo-prosjektet, som har den fengjande tittelen “Entrepreneurship training and incubator management”. Første arrangør var Høgskolen i Bergen, med samling på VilVite-senteret i januar i fjor. Deretter har representantane frå dei ulike landa fått besøke og lære om samarbeidspartnarane i høvesvis Tyskland, Slovenia, Austerrike og sist Seinäjoki i Finland 17. til 20. januar. Prosjektet blir avslutta i Odda i mai. Då skal rapporten og det endelege resultatet gjerast ferdig.

Dans: Ein viktig del av EU-prosjekt er å oppleve kulturen i vertslandet. Seinäjoki er mellom anna kjent for ein årleg tangofestival, med over 100 000 gjestar. Torill Monstad, Hordaland, fekk danse med ein lokal tangosongar.
Meir om Leonardo-prosjekt støtta av EU