
Den nye opplæringsdirektøren Svein Heggheim og den avtroppande opplæringsdirektøren Inger Øvsthus Tønder.
Ei fullsett kantine med representantar frå heile fylkeskommunen overvar ei flott avslutting for ein svært omtykt leiar og kollega. Jazzballaden Body and soul, framført av elevar frå musikklinja på Langhaugen vidaregåande sette stemninga for dei frammøtte i kantina på fylkeshuset.
Kløktig
– Inger er ei kløktig dame. Ho kan presentere eit budsjettkutt som ei naturlov, sa den nytilsette opplæringsdirektøren Svein Heggheim og fekk god respons frå salen. Han fortalte om sine eigne gode erfaringar i samarbeidet med Inger og viste til den fullsette kantina som eit bevis på kor mange som set pris på henne.
Kunnskapsrik, grundig, erfaren, handlekraftig, omsorgsfull, tydeleg, markant, engasjert, sprek og flott. Lista med godord var like lang som talelista. – Du er rett og slett eit grepa kvinnfolk, oppsummerte organisasjonsdirektør Gerd Ingunn Opdal.
Tok hovudfag
I sin karriere ha Tønder vore lærar i både grunn- og vidaregåande skole. Medan ho arbeidde på Anton Johannesen tok ho hovudfag i bedriftsøkonomi. Ho blei rektor på Hav videregående skole i 1987 og byrja som økonomisjef på opplæringsavdelinga i 1992. Rolla som opplæringsdirektør fekk ho for halvanna år sidan.
Vant med utfordringar
Både som opplæringsdirektør og som økonomisjef har Inger ofte vore den som må fronte økonomiske nedskjeringar – ikkje den mest takknemlege jobben. Likevel ei oppgåva ho har takla på beste måte, ifølge talarane på avsluttingsmarkeringa.
– Inger er eit av dei mest lojale og pliktoppfyllande menneska eg har møtt i arbeidslivet. Sjølv om det er travelt og presset er stort har ho alltid ein ro over seg. Inger set organisasjonen før seg sjølv, ein svært god eigenskap som dessverre blir stadig sjeldnare i arbeidslivet, sa seksjonsleiar på pedagogisk seksjon Marianne Haaland som haldt tale saman med dei tre andre seksjonsleiarane på opplæringsavdelinga.
Byggjer hus
– Dei tjue åra på opplæringsavdelinga har vore ein fest. Eg kan ikkje huske ein einaste dag eg har kvidd meg for å gå på jobb. Eg sett dessutan stor pris på at eg blei vist tilliten til å få jobben som opplæringsdirektør, sa Tønder. Ho takka særleg sine kollegaer for innsatsen deira og måten alle har klart å jobba mot dei same måla.
Sjølv om Inger trappar noko ned i arbeidsmengde på jobb, har ho store prosjekt på gang på privaten. For tida byggjer nemlig ho og mannen, Tor, hus på Voss - ein perfekt stad å slå seg ned for ei aktiv dame skulle ein tru.