Austrheim satsar til havs

Tilboda og kreativiteten ynglar i den vidaregåande skulen. På Austrheim lengst vest i havet har dei funne på noko riktig glupt med havsportlinje.

- Målet med faget er at elevane skal lære å setje meir pris på naturen og verdiane kring oss, seier Hege og Espen


- Det handlar om å dyrke det som skil oss frå andre skular. Skulegarden vår ligg midt i smørauget med heile storhavet og Nordsjø-bassenget rett utanfor stovedøra, seier kroppsøvingslærarane Hege Iversen Håland og Espen Foseid Aakre.

Eit mangfald med sjøliv

Dei to har klekka ut ideane med programfaget havsport innan utdanningsprogrammet studiespesialiserande programfag. Det nye tilbodet, som har vekt stor interesse hos elevane viser eit prøveval, inneheld eit mangfald med sjøliv.

- På planen står padling, fridykking, segling og surfing, klatring og buldring i Austrheim-hallen. Dei som vel faget, skal innom førstehjelp og turplanlegging. Dei får også høve til å vere med på overnatting i naturen.  Tilbodet byggjer på læreplanen for friluftslinjer, fortel dei.

I fjor hadde dei idrettsfag, som ikkje var spesielt retta mot sjø. – Så freista vi med kajakk i Lindåsslusane på ein aktivitetsdag. Været var storarta, og elevane syntest det var ei helt fabelaktig oppleving. Då byrja vi med å klekke ut idear, tok kontakt med kommunen og idrettslaget og fekk berre gode tilbakemeldingar. Frå før har Austrheim Havsportveka i august, og ho har vist at det er stor interesse for denne typen aktivitetar. Idrettslaget har tre segljoller som dei stiller til rådvelde, fortel dei. 

Kuling i kasta


Det er ikkje berre blenkjande sol og havstille i Austrheim. – Vi hadde aktivitetsdag, og 10-15 elevar valde kajakk. Dei padla ut i ruskevær til Rognevær. Det var kuling i kasta, men alt gikk trygt og greit og alle storkoste seg, fortel Hege.


Fensfjorden med brua over Kjelstraumen som praktfullt bakteppe

Ålesunds-jenta stranda for godt på Baløyna i Austrheim der det budde knappe 20 menneske att.
- No har vi bru, ei fantastisk øy, og reproduksjonen går så det susar, glimtar Hege.
- Kva er målet med programfaget? - At elevane lærer å setje meir pris på naturen og verdiane som omgjer oss. Dette er arbeidet vårt mot sentraliseringa, og som kroppsøvingslærarar ser vi kor viktig den fysiske formen er. Også kor mykje naturen har å by på som matkjelde. Det høyrer med i faget, seier Hege og Espen.

- Programfaget skal vere med og styrkje Austrheim, Sjøen er ei viktig og god ferdsleåre for oss. Her er friske og sterke straumar, det er alltid fart i sjøen og det er både eit godt oppland og driftige menneske med på å legge grunnlaget for, dei.

På programmet står også fridykkarkurs, båtførarprøven vinterstid, turplanlegging.


Til fjords med Hege og Espen. - Ideen fekk vi då vi var i Lindåsslusane i fjor på aktivitetsdag, og såg kor elevane koste seg 

– Vi gler oss veldig, og vonar det blir nok med fem timar i veka, seier dei to entusiastane. Dei skal berre vente til hausten, for då har vi lokka med oss nytilsett rektor Kjersti Haugland på padletur under Kjelstraumen. Reportasje følgjer. 

Tormod Valaker 11.06.2010 09:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart