Framtidas leiarar
- Eg er veldig imponert over elevane mine, 13 i alt. Her stig både gradestokken og karakterane. Dei møter opp kvar dag for å forbetre karakterane sine i matematikk. Det du ser her, er framtidas leiarar, seier lektor og rådgjevar Jahn Roger Knudsen.

Anders Sveen godt plassert mellom Seyt frå Tjetsenia og tømrarlærlingen Stian Mogen
Det er tredje året på rad no med sommarundervisning i regi Bergen Raude Kross og Hordaland fylkeskommune. Rundt 60 elevar har funne plass i lokala på Vetrlidsallmenning og på Katten.
– Vi starta med leksehjelp saman med Raude Kross. Sidan har dette blitt eit fast innslag, fortel Petter Borthen, ansvarleg på Opplæringsavdelinga for tiltaket. Hordaland fylke er i ferd med å eksportere ideen. No driv sju fylke sommarskole. Siste bolken av opplegget finn stad på Askøy dei to siste vekene før skolane startar opp att. På Vetrlidsallmenning er det fullt hus kvar dag.

God stemning og forbetra karakterar rundt Kristine på Katten.
- Ein av grunnane til at dette har vist seg å vere liv laga, er den vaksenkontakten som er bygd inn i systemet. Vi har tre-fire elevar på kvar vaksen. Det gir rundt rekna ein lærar og ein til to friviljuge for kvar gruppe på åtte-ti elevar, seier Borthen.
Gratishjelp
Mat vert det også, frukost og god lunsj. Internasjonal kvinnegruppe på Askøy har teke tak i den sida av saka og vartar opp med internasjonale rettar for deltakarane, alt frå vårrullar til kofta. Og viss det er nokon som ikkje veit kva det er, er det afganske velsmakande kjøtboller.

Damene på kjøkenet fekk mange lovord. F.v Nina Bergby og Cathrine Frydenlund

Velkomen til frukost, her for Jahn Roger Knudsen og Una Cecilie Aagesen
Raude Krossen sitt friviljugekorps er på farten heile året med leksehjelp og gratishjelp. – Dei trivst med det, og synest det er godt å hjelpe til. Dei fleste av dei har fagkompetanse innan området sitt. Utan dei hadde vi ikkje makta å avvikle sommarskolen, seier Una Cecilie Aagesen, som er koordinator for dei friviljuge på huset.
Auka vaksentettleik
- Kvifor Raude Krossen?
- Fordi vi dekkjer eit humanitært behov. Frå starten var dette eit prosjekt med fokus på dei minoritetsspråklege. I år er berre ein tredel av dei det. Vi trur sommarskulen er vorten meir akseptert blant dei etnisk norske. Stort sett er die elevar på Vg1-nivå som har stroke i eitt av dei fire faga vi tilbyr, seier Aagesen og Borthen.
Ein av dei friviljuge er Anders Sveen(35), til dagleg ungdomsskolelærar på Slåtthaug. – Korleis er det å vere lærar seint og tidleg?
- Eg trivst med dette. Eg likar å undervise, og eg har elevar som meistrar. Dei gir meg energi tilbake, seier Sveen, som har undervisningskompetanse innan matte, engelsk, religion og spansk.
- Slike leksehjelparar som Sveen bidrar til verdfull og auka vaksentettleik i prosjekta. Eg trur det er ein av suksessfaktorane for sommerskolen og livet for øvrig, seier Una Cecilie Aagesen.