- Oj, sa Rebecca då ho fekk høyre av komitéformann Nils Skavhellen at forsida hennar skal ut i 22.000 eksemplar til sommaren og med hennar bidrag over heile førstesida.
- Eg har alltid vore glad i å teikne og nytta eit teikneprogram på pc-en, fortel vinnaren. Resultatet vart framifrå.
- Bidraget hennar er bygd opp av milde farger med ein fin bakgrunn. Det gjer at dette blir ei behagelig trykksak. Vår oppgåve er å oppfordre unge menenske til å vere med og forme ut sine eigne produkt. Det vert alltid like vellukka, sa Jo Gjerstad, forlagsredaktør i Bodoni forlag.

Karianne Fonn Jåvik frå 2D på Langhaugen med forsida ho har teikna og sjekken ho fekk.
Han og Skavhellen har utnemnd seg sjølv til permanent komité for å velje ut det beste bidraget frå elevane.
Sjekkar på 4000 kroner
I dette tilfellet var dei som vanleg ikkje tvil om utfallet. – Vi har gjort det til regel å opne alle konvoluttane med bidraga, rundt 40 kvart år, samstundes. Rebecca skilde seg klårt ut, sa Skavhellen og overrekte ein sjekk på 4000 kroner til den glade vinnaren.
- Det blir anten til sertifikat eller tur til Tyrkia. Der har eg vore to gonger og synest det er stor stas å reise, sa ho då ho fekk summa seg litt.
Rebecca er elev på HSRN, innleiande Vg1. Bokstavrekkja står for helse og sosial og restaurant og næring. Sjølv kjem ho til å gå vidare på helse og sosial.

Vinnaren Rebecca Thorsen Presttun syner stolt fram forsida ho har teikna og sjekken. Frå venstre i godt følgje: Nils Skavhellen og forlagsredaktør Jo Gjerstad, vinnaren, rektor Martin Risøy og kontaktlærar Grete Lange Munch.
- Eg har ikkje heilt bestemt meg, men trur eg vil satse på å bli fotpleier, seier ho. Bestefargenerasjonen takkar og bukkar.
Det er andre året på rad Åsane vidaregåande vinn førsteprisen. – Vi er krye over at vi vann igjen, rosa rektor Martin Risøy. – Vi såg ikkje på dette som fag som fag, men som aktivitet, og heile klassen gler seg over at ein av dei vann, supplerte kontaktlærar Grete Lange Munch. Etterpå vanka det både bollar og brus til store og små.